Når ein har vore gifte i 50 år er det grunn til å feire.
Helst ville me ha feira stort med heile slekta, men dette året
vart det andre omsyn å ta.
Smittevern mot Covid 19 virus var viktig.
Me tok difor med barn, svigerbarn og barnebarn til hytta
og hadde ei
strålande feiring i fint sommarver.
Anne-Mari og Ottar
Helsing i lokalavisa og vidaresendt
til Facebook 18. juli.
Festbordet dekka med servise, sølvtøy og glas som me fekk i
bryllaupsgåve for 50 år sidan.
Ved kvar kuvert pynta med
ei raud rose med kvit pynt i små flasker.
Gullbrudgomen ordna med nydeleg
rosedekorasjon i hjarteform.
-------
Det vanka varme og
rørande talar frå dei vaksne.
Barneborna hadde skrive kort med fine ord.
Dei arrangerte også fleire programinnslag.
Leah Sofie hadde laga speleliste med melodiar frå 1970 og fram til no.
Heile gjengen svinga seg og kosa seg.
Celina Marie hadde laga Kahoot med spørsmål frå
gullbrudeparets liv og virke i tillegg til allmenne spørsmål.
Profft opplagt der alle brukte sin eigen mobiltelefon til svara.
Utpå kvelden song alle barneborna i lag "Fager kveldssol smiler", alle versa utanåt.
Dette rørte og gledde særleg farmor som har sunge denne for dei, kvar og ein, under
leggerituale frå dei var bittesmå.
Maten bestilte me hos Kraftstasjonen restaurant i Måløy.
- Nydeleg Bacalao.
- Varme og kalde rettar.
- Kaffimaten laga me sjølve, jordbærkake,
- karamellpudding, riskrem med bærsaus osv...
Gullbrudeparet var særdeles nøgde med feiringa !
Me vona å få mange gode år i lag vidare !