onsdag 21. januar 2015

Onsdagstema - fritt tolka


Tema: Kringskuret.


Eg er ikkje sikker på kva ordet Kringskuret kan bety,
men Birgitta skriv at tema kan tolkast fritt.....
 Her er mitt bidrag.

Sjå korleis andre har tolka tema


mandag 19. januar 2015

Slik ser det ut her eg er


Fototriss del 287: Så här ser det ut där jag är


Hyttehelga med mykje snø
ga høve til gratis
trim.

Votta vart tova og gjort ferdig til barn og
vaksne. 
Det trengs når ein skal vere i snøen.

Heime i formiddag var det klart for trimtur,
 på Gamleeidet
der me kunne nyte den fine utsikta 
mot holmar og skjær 
utanfor Ulsteinvik.

Som du ser er det stor skilnad på snømengda heime
og på hytta, berre ein og ein halv time
mellom.

Fleire fototriss
her




fredag 16. januar 2015

Tulipanens dag 2015


er i dag,
 fredag 16 januar.


Hyttehelg med masse snø ute
og tulipanar inne er
koseleg.


I dag har mi gode og trufaste treningsvenninne
  bursdag.
Me har trena saman i 
snart 17 år !

Gratulere med dagen Hilde-Marie.

Klem frå Anne-Mari


onsdag 14. januar 2015

Nå opp


er Onsdagstema i dag.

På trimturen i formiddag var det
eit kort opphald i snøkaven og 
ein kunne sjå blå himmel
mellom tunge skyer.
Desse furene strekkje seg i heile si lengde
for å nå opp.....

Link



tirsdag 13. januar 2015

Innbydelse



til bryllaup
er ikkje kvardagskost.

Me vart stolte og glade over at 
me skal få vere gjesta i 
bryllaupet når 
Eirik som me er tante og onkel til
skal vie seg til
si kjære Renate.






I den kreative og flotte mappa står kort med 
informasjon om alt som skal gå føre seg
heile helga.
Bryllaupet skal vere på Røros. 
Vigsle i  Røros kirke.
Dei fleste gjestane kal bu
 på hotellet der bryllaupsfesten skal vere.

Me gle oss til bryllaup.

Tusen takk Renate og Eirik.
Klem frå tante.