mandag 9. juli 2012

Pengekasser

For ei tid sidan var eg på besøk i
 "flo og fjøre" kafèen i Brandal.
Der har dei salg av handarbeidsting laga av
 lokale kunstnarar i tillegg til 
mange gamle skattar.
 Ein kan òg få kjøpe middag, kaffi og gode kaker.

To damer har skapt ein spennande 
møteplass.

Den gamle krakken måtte eg ha !

Kassa med blomster er særeigen
 Den var brukt til å sende pengar frå Norges Bank
avdeling Ålesund til Hareid Sparebank på Hareid.
Denne kassa hadde plass til 3000 kr.
Den er brei og kort.

 Kassa med dei blå stemorsblomstrane er òg
ei pengekasse. Den er smalare og lenger,
 har ikkje merkelapp.

Skal tru om det var sedlar eller myntar, eller
begge deler som var i kassene ?

Er det nokon som veit det ?

Er det fleire enn eg som hugsar å ha sett kor store 
sedlane var på 1960 talet?
Såg nok ikkje mange, men hugsar at dei var kjempestore,
nesten A5 format ? 




søndag 8. juli 2012

Rabarbrasyltetøy med fiken

Svigerforeldra min som eg har fortalt om før
Her og Her
har i alle år laga Rabarbrasyltetøy på sin eigen måte.
Når helsa deira sviktar syns eg det er viktig at me
i neste generasjon fører tradisjonen vidare.
 Oppskrifta var ikkje nedskriven så her var 
hugsen deira god å ha.

Eg gløymde å ta bilder undevegs...
Resultatet ser slik ut

Oppskrifta.
2 kg rabarbra i bitar (eg tok av ytste laget)
2 kg sukker over bitane,
ca. 12-15 tørka fiken i små bitar opp i blandinga.
dette skal stå til sukkeret er oppløyst, gjerne over natta.
Koke lenge...til sylta blir brunaktig på farge.
1 pk Certo syltepulver, måtte bruke litt ekstra sukker (ca 1 dl)
 (les framgongsmåte på posen) 



Dette blir ei haldbar sylte som smakar 
fortreffeleg ! 

 

lørdag 7. juli 2012

Peon

Eg likar peonar !
I hagen min er denne
 Silkepeon  (Paeonia lactiflora hybrid)
Gul midten og silkeaktige kronblad

Her like før den opnar seg heilt

I gamlehagen til foreldra mine står denne
vakre

Bondepeon eller Klosterpeon
(Paeonia officinalis)
med fyldige blomster

Nydeleg når den står i knupp òg.
Den veks og trivst ilag med dei mindre
likte naboplantene sine ;)

På våre kantar har det ofte vore regn på den tida peonane
blomstrar. 
Det  likar dei dårleg,
blir fylte av vatn, tunge og bøyer seg til grunnen.

Veret hittil i sommar har vore så bra at
 peonane får stå og kan nytast til fulle

Tusen hjerteleg takk til alle som stikk innom, som
kommenterer og som gir meg munnlege 
tilbakemeldingar 
Det er ei stor glede for meg ♥

Vonar du får ein fin laurdag og helg som kan fyllast
med ulike opplevingar,
akkurat slik DU vil ha det !!

Klem frå Anne-Mari

fredag 6. juli 2012

Hurra for livet !

Kalendaren med gode ord har eg fått av

Desse nydelege julidagane kjenner eg
at det er godt å leve.
Ikkje berre på grunn av det gode veret der ein kan
 vere like mykje ute som inne, 
men også over gleda ved å vere ilag med 
dei eg er glad i ♥ 

Phil Bosmans har skreve boka
Hurra for livet

Hans betrakningar over dagleglivet viser at livet er strevet verdt,
DE ER VITAMINER FOR HJERTET !

"Ta deg rolig tid til å være lykkelig.
Tiden er ingen motorvei mellom vuggen og graven,
men plass til å parkere i solen

Å leve i dag !
Å være glad i dag !
Å være lykkeleg i dag !  "


Ynskjer alle ein fin dag, håper juliveret er 
godt over heile landet.

onsdag 4. juli 2012

Kjole

Har fått meg ny kjole !
i ullbouclè

har sydd den.

Eg likar godt blomster så kva var meir naturleg
enn å ha motivet .....uti vår hage....

Den svarte toppen under er frå 

Det er nesten så eg gler meg til det blir 
kaldare i veret ;)
men kan ikkje seie det høgt.... 

Nei, no nyt eg sola med lettast muleg klesplagg på


mandag 2. juli 2012

Tiriltunge og Raudkløver

Mil etter mil langs heimvegen igår såg me
fargeglade vegkantar.
Kan ikkje hugse å ha sett slik flora før om åra.
Regnveret la ingen dempar.
 
 Kjende etterkvart trong til å sjå meir av dette fantastiske
blomsterhavet og tok av frå hovudvegen

 Tiriltunge og Raudkløver i vakkert samspel

Gamal og ny veg side om side..

Tiriltunge var frå gamalt av brukt tørka
i brennevin og te som medisin for magen.
I plantefarging gir den ein fin gul farge.
Raudkløverblomsten er søt og smakfull og kan brukast som
snacks når me går tur. 
Den verkar svakt stimulerande på 
spyttkjertlane og kan soleis sløkkje tørste.

Den opplevingsrike turen heim i regnveret
vart toppa når me såg denne
Minner frå tidlegare tider då me hesja heime.
Ikkje alltid så kjekt når graset var vått, men
no ser ein det i eit romantisk ljos.
 

søndag 1. juli 2012

Ferjetur

For oss som bur på øyane lengst ut mot havet 
er ferjetur over fjorden nærast
daglegdags.
Ferjene går nesten uansett ver og vind.

Når diskusjonen om fastlandssamband over- eller
under havflata går som verst, er det
røyster som snakkar varmt om ferjeturar over fjordane.
Ei etterlengta pause i køyringa,
tid til å gå på do,
 lese eitkvart, snakke i telefon, få seg ein matbit ..
Men utviklinga går nok mot djupe tunnellar
eller høge bruer.

Denne ferja var bygd i 1979 og
er av den "gamle" sorten.


Godt skilta for å 
finne do
.....
Skaimøblar i
salongen
 Livbøye
som gir tryggleik !

På denne strekninga er
salet av den typiske ferje-svela bygd på
Tillit 
 Ta ei svele, legg pengar i skåla !

På andre sida står bilar i kø...

I morgå skal eg på ny ferjetur...