Viser innlegg med etiketten avstander. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten avstander. Vis alle innlegg

søndag 30. september 2018

Retning



Ordet i utfordringa hos Sanna
denne veka er:
Riktning 
eller retning på norsk.

For nokre år sidan var me nokre dagar i Kirkenes.
Sightseeing i byen og til Sør-Varanger gruver
var med i programmet.
Du kan lese meir om turen

Her


Nesten så langt mot nordaust du kan kome i Noreg står
desse retningsvisarane.

Frå Kirkenes til:

Helsinki 1154 km
Roma 5102 km
Oslo 2502 km
Bergen 2626 km

------

Når ein er i ein frammand by er det 
fint å ha noko som viser 
retninga.
Dette pariserhjulet i Gdansk lyste lang veg og
viste oss kva 
retning 
me skulle gå for å finne hotellet vårt  
som låg like ved.

------

I naturen kan ein finne vakre vekstar
som strekker seg i mange 
retningar
som strå om hausten.


 "gulltre" som veks i mange retningar
bak ein stein ved 
Gamle Strynefjellsveg



Gemsweeklyphotochallenge v. 40 - Riktning -