søndag 13. november 2016

Helga mi


Ein del av helga har eg vore heime åleine,
mannen min var på 
sals- og signeringsrunde med boka si

Det merkelege var at eg fekk arbeidslyst
og blant anna steikte brød..
Grove brød heilt utan kveitemjøl.
Eg brukte speltmjøl, både grovt og fint,
 grov rug og havregryn.
Namnam.

Eg kom på at Ella Victoria treng 
varme vottar.
I min iver strikka eg to venstrevottar ...
heldigvis har eg nok tråd så eg kan strikke 
to høgrevottar også ;)
Dei skal tovast.


Søndag formiddag fekk me tid til ein liten
spasertur i nærområdet


Magisk lys denne tidlege
formiddagen

Må berre vedgå at eg synest det er
fint her eg bur...

Queen Elizabeth blomstra framleis 
i hagen.

Eg ynskjer alle som er innom 
ei fin ny novemberveke.





torsdag 10. november 2016

Slipesteinen


Då eg var lita jente var ei av pliktene å
drage slipesteinen så bestefar
fekk slipe ljåen.
På det vesle småbruket var det
korkje hest eller traktor,
det vart nytta
handemakt til alt arbeidet
sommarstida.
I dag er min barndoms slipestein borte,
men på fjellgarden der mannen
min er fødd har onkelen hans
tatt vare på slipesteinen dei hadde der.


Det var ikkje lett å drage
 med jamn fart slik at ljåen
 vart kvass nok.

Lysta var ikkje alltid like stor,
men eg minnest det i dag
med glede.

Eg deler diktet til Jakob Sande:

SLIPESTEINEN
Mot sør i sola ved eldhusveggen,
der var vel heitt, san, ein sommarsdag,
og reint ein triveleg stad for kleggen, 
og fly og fluger av alle slag.
-
Og midt i surrande flugeflokkar
stod slipesteinen vår, traust og stor,
der rei han stødt på to digre stokkar,
og aksen gjekk i ein fleskesvor.
-
Her var det fyrst eg i verda kjende
kva livsens alvor i røynda er,
når sola steikte so ryggen brende,
og kleggen beit både her og der.
-
Ein framand vilje ved steinene rådde
som nådelaust meg i lekkjer la,
og heilt frå sveiva så vidt eg nådde
eg seint og tidleg laut steinen dra.
-
Her laut eg stå som ein ussel slave
med drengen over til oppsynsmann,
og ryggen krøkt som ein saueklave
og dra for matbiten alt eg vann.
-
På kant med livet på hevn eg grunda
og ynskte steinen for godt stod still,
og eingong kom ho, den store stunda,
og det, må vite, gjekk soleis til:
-
Ein diger klegg seg på steinen sette,
- han var vel mett, so han trengde fred.
Han sat so hoggande godt til rette
med sjølve storslegga like ved.
-
Og før eg sansa meg rett, eg treiv ho,
treiv sjølve storslegga, tung og stor,
og kvinande gjenom lufta dreiv ho
så steinen klovna, – men kleggen for.
-
Eg fekk nok lide for den umaken,
for sjølv om steinen gav legero,
eg vart så merkeleg sår i baken
at eg laut stå liksom steinen sto.
-
Ei vekes tid laut eg gå og vente,
så kom dei heim med ein spilder ny,
men det vart tap opp og tap i mente,
for han dei kom med var tung som bly.

Jakob Sande



onsdag 9. november 2016

Blomsterhelsing


Som eg synte
 HER
fekk mannen min
mange fine blomsterhelsingar til
70 årsdagen sin.
Eg er svært glad i blomster og
kjem til å vise ein del bilder av dei
framover.


 Nydeleg















søndag 6. november 2016

Havrekjeks


med sjokolade og eit 
hint av salt


Oppskrifta finn eg i

men eg gjer litt endringar:

Rør kvitt:
200 gr smør
2 dl sukker
1 ts vaniljesukker

Bland inn:
2 egg, eitt og eitt, pisk godt mellom kvart

Bland inn vidare alt det tørre:
2,7 dl sikta fint speltmjøl
1 ts bakepulver
1 ts Maldonsalt
6,5 dl havregryn

Bland inn til slutt:
200 gr grovhakka mørk kokesjokolade

Bruk barneskei og legg deig på steikebrett,
med litt avstand mellom.
Trykk dei litt flate og strø på
litt Maldonsalt

Steikast på 180 gr 12 - 15 minutt

Avkjøl kjeksa på plata før ein legg dei på rist.
Eg laga dei litt mindre enn oppskrifta så det blir
ca 70 - 75 stk.

Kjeksa kan oppbevarast i tett boks
eller frysast.

Eg var lur og fraus halvparten...
Tenkte at dette skal bli
første del av 
julebaksten 
:)