søndag 7. oktober 2012

Kirkenes 2

Under opphaldet i Kirkenes var me på ein busstur
i nærområdet rundt byen.
Fyrste stopp var
Grenselandmuseet Sør-Varanger

Blant mykje anna var det artig å sjå desse
gjenstandane, reklameplakatar og gamle ukeblad.







Det er dårleg bildekvalitetet, men eg vonar 
dokke får eit lite inntrykk.

Eg ynskjer dykk alle ei god ny veke, 
for mange ei etterlengta haustferie.

Klem frå Anne-Mari

torsdag 4. oktober 2012

Meir om saueskinn

Saueskinna som eg skreiv om tidlegare
her
var full klaff.
Varmen strøymer gjennom kroppen når me sit på dei.
Lukke :)


Opplysningar om cedertremøblane finn du
HER


Men kanskje treng eg saueskinnet på senga, for å varme føtene ?
Likar å ha det iskaldt på soveromet, men har lært at
er eg kald på beina er det vanskeleg å få sove.


Meir frå hyttesoveromet...
Me har hengt opp ei stor klokke, kjøpt hos
Pur Glede i Måløy.
Klokka er så stor at eg slepp å leite etter brillene
for å sjå kva den viser når eg ligg vaken om natta ;)


Veggane i hytta er behandla med olje frå
Petters Møbler
Me likar godt den lune varme fargen.


Eg ynskjer nye fylgjarar hjarteleg velkomne !
Tusen takk for alle koselege kommentarane
og besøka på bloggen.
Det har runda 24000 treff !
Eg må vedgå at eg er audmjuk og glad :)

Ynskjer alle ein strålande haustdag !

Klem frå Anne-Mari

- Posted using BlogPress from my iPad

onsdag 3. oktober 2012

Onsdagstema # 129

 " Ljusinnsläpp "
er ufordringa denne onsdagen.

Dei nybaka rundstykka vart helsa med
solstrålar.


sjå fleire bilder her
Onsdagstema

(Jippi, eg fekk til å legge inn link :)

- Posted using BlogPress from my iPad

tirsdag 2. oktober 2012

Azalea





Denne azaleaen kjøpte eg i november 2005,
Då hadde den stamme og ein krans av blad og blomster på toppen.


Etter første avblomstringa visna den ikkje slik som andre
azalear hadde gjort så eg
sette den i badekaret på våte aviser når me for
på ferie i tre veker den sommaren.
Vel heimattkoma oppdaga eg at planta var full av knoppar.
Den blomstra heile hausten.


Etter som åra har gått har fasongen og utsjånaden endra seg,
ikkje ulikt andre levande vesen...,
men blomstrar gjer den, mesteparten av året.
Oppskrifta ?
Eg vatnar den grundig i vasken ca ein gong i veka, eller når
den heng og ser visna ut.
Lei av den ?
Ja, men eg har ikkje hjerte til å kaste den.


Grøne fingrar ?
Nei, ikkje vanlegvis, men eg har nokre planter som
har levd lenge.
Viste rosekaktusen min i eit innlegg tidlegare.
Får ikkje til å legge inn link med iPaden, men om du vil kan du
finne innlegget under juni.

ps. Har nokon tips til meg korleis eg kan legge til linkar i innlegg, så tek
eg imot med takk.
Gler meg til eg får att PCen.....


- Posted using BlogPress from my iPad

søndag 30. september 2012

Plommer

Utfordringa i "Mandagstema # 60 er
Haust/Fall

Om hausten når plommene modnar....



brukar eg å hermetisere på Norgesglas ....


nyte til dessert og kaffikos....
gjerne gi vekk som gåve til familie og venner....

Denne haustaktiviteten er mitt bidrag.

Sjå fleire hos
http://helenesblogadresseat.blogspot.



- Posted using BlogPress from my iPad

lørdag 29. september 2012

Saueskinn

Deilige saueskinn sto på ynskjelista når me går mot ein
kald og lang vinter på hytta
Det er mange slags skinn å få i butikkane,
men ein dag fekk me høyre om ei dame som sel skinn
frå eigne sauer.
Ein vakker solskinnsdag køyrde me den nye
Kvivsvegen og stoppa på Hjorthaug, nær Åsen
som eg skreiv om i eit innlegg i mandagstema tidlegare denne månaden.


Mone Løvøy, bonden/læraren som driv med
Villsau, sau av gamal norsk rase.


Ho har mange flotte skinn å velje mellom.


Her har dei nydeleg utsikt
utover fjorden mot Volda -


- og innover Austefjorden



På hytta har me kjøpt Cedertremøblar.
Treverket skal ikkje behandlast og vil etter nokre år få
ein fin sølvgrå farge.
Difor kjøpte me litt mørke skinn.


Snur me stolane kan den fine utsikta
til sela på Tippasetra nytast.

God helg !

- Posted using BlogPress from my iPad

torsdag 27. september 2012

Ein plass i sola

Her har vore strålande dagar.
Då eg såg dette tenkte eg at dei som busette seg her
visste at sola skein ekstra her :)

Dette er mitt bidrag til
Himmelsk # 104





Fleire himmelske bilder ser du hos
http://petuniablogg


- Posted using BlogPress from my iPad