torsdag 7. juni 2018

Barnebarnhelg

Dei tre jentene 
overnatta hos oss sist helg.


I det fine veret hadde eg planlagt 
å steike vaflar på altanen.

Måtte improvisere, men det gjekk greit.


Seinare på dag var det tomatsuppe med makaroni, 
pølser og reven ost som er ein av matrettane
dei vil ha hos farmor.
Eg lagar ei stor gryte så dei får kalde restar
når dei vil, enten kveld eller morgon :)
Både kjekt og lettvint ...

Ella Victoria fekk smake sardiner i olje
til frukost,
og det likte ho godt :)

Rabarbra med sukker i koppen
lika ho også.

Søndag køyrde me Leah Sofie til Hasundgot stadion.
Ho spelte fotball både laurdag og søndag.
Medan me venta tok Ella Victoria oss med til
Gjerdsbakkane Andelslandbruk
der barnehagen ho går i har fått låne ein jordflekk
og har planta grønsaker.
Ho viste oss spirane til lilla gulrot, poteter og mange
andre slag.
Spennande for dei små å få vere med på slikt.

Fotballkampen med jente 11 år starta med
Leah Sofie i mål i første omgong.

I andre omgong spelte ho ute, og scora eit av 
måla dei vann med.
Her kviler ho litt på sidelinja med
blant anna trenar pappa Andrè.

Det var ei kjekk helg !








mandag 4. juni 2018

Tankekart


Ordet i utfordringa til  
er tanke/thought denne veke.

Som lærar brukte eg ofte tankekart i 
undervisninga.
Eit tankekart kan brukast på fleire måtar,
men eg brukte det ofte som ein disposisjon
over stofftet me skulle gå gjennom.
Stikkord frå lærar,
eller etter innspel frå elevane.
Diskusjon.

Hygiene er viktig å ha kunnskap om
både for unge og gamle.
Målet med god hygiene er å fremme helse,
og førebygge smittsame sjukdomar.
Hygiene femne om: 
smittekjeda
handhygiene
personleg hygiene
hygiene på kjøkenet
hygiene på arbeidsplassen
miljøretta helsevern

Det var eit av faga eg likte best å undervise i.
Eg har framleis friskt i minne hygieneundervisninga 
eg sjølv fekk då eg tok sjukepleieutdanninga.
søster Laila var ein flink lærar.

Hårek ..

 Reglar for handvask er godt å bli minnt om.


Det er kanskje ikkje så lett å tenkje over ??













søndag 3. juni 2018

Rhododendronblomstring i hagen


Eg kjenner lukke når eg spasera i hagen
og nyt synet av blomstringa
til Rhododendronane.

Nokre av dei er gamle,
foreldra mine planta fleire av dei for mange mange år sidan.
Den gamle hagen og vår heng i hop.







Eg hugsar ikkje namna på alle,
men denne er
Rhododendron Fantastica
som eg har skrive om før.

 Denne sto i mange år utan å blomstre, 
men siste åra har den hatt vakre blomster.
Rette fargen er vanskeleg å få fram på bilde.


Mange ser like ut, men eg trur ikkje
dei har same namn.

Denne er to år og blomstrar for første gong.
Sart og lekker.

I dag er det søndag, 
finever framleis.
Denne helga har me dei tre jentene
på overnatting.
Snart skal me på fotballkamp,
Leah Sofie skal spele.
Kjekt !









onsdag 30. mai 2018

Dagen min


I går vakna eg til ein ny strålande maidag.
Vakkert klokka sju.

Eg hadde tenkt å bake denne dagen for det minka
i frysaren og knekkebrødboksa.
Men i det fine veret fekk eg lyst ut på tur.
Me hadde parkert og starta turen til
Røyrafjellet før klokka var ni.

Det kjendest i lufta at skodda var på veg,
 og ho kom fort.
Me snudde nedatt når den innhenta oss.
Som vanleg på våre kantar er skodda veldig flyktig,
mange stadar er det opning og sola skin medan
skoddeveggen pustar oss i ryggen.
Me spaserte ein tur inn i Røyra då me kom ned,
der sat venner på verandaen og kosa seg 
med morgonkaffien, i sola :) 
Me vart ropt inn og hadde ei hyggestund 
med kaffe, is og kjeks før klokka var ti :)

Skodde og kald vind gjorde det enkelt
å starte baking då me kom heimatt.

Grove pizzasnurra er godt å ha i frysaren.
Barnebarnet Hans-Petter (som bur hos oss i vekene for tida)
 har slike til skulemat.

Grove rundstykke er sunt og godt,
og knekkebrød må eg ha kvar dag.
(fargane på maten ser litt rare ut,
knekkebrøda er ikkje brende..)

Eg avslutta dagen med å fylgje Roger til
Ålesund for å sjå barnebarnet Benjamin spele
fotballkamp.

Denne dagen følte eg at eg hadde vore 
effektiv, nesten som i yngre dagar hehe....


Hos Sanna er ordet i utfordringa
Ute denne veke









lørdag 26. mai 2018

Haren


Den vesle haren og 
den store kjerringa fekk seg ei kraftig støkk
i det spesielle møtet....

Etter nokre timar på fjelltur måtte eg finne ein
stad der ingen menneske kunne sjå meg,
eg måtte....
Godt skjult frå råsa sette eg meg ned,
brått såg eg rett inn i augene på eit dyr mindre enn ein halv meter unna !!!
Den var nok fengsla over strålen frå meg, hahaha....
Den sat musestill så lenge at eg fekk
leite fram mobilen og ta bilde, men då var det nok,
Den sprang for livet.....

Ei utruleg oppleving !!










mandag 21. mai 2018

Røykt



I utfordringa hos 
er ordet Rökt denne veke.

Då passa det å vise frukosten min i dag.
Rikeleg næring som held meg i gong
i mange timar..

Eg lika godt røykt laks og særleg denne som dei 
lagar til i den lokale slaktarbutikken.


Sjå fleire røykte bidrag her:







søndag 20. mai 2018

Blomar i naturen


På mine turar i naturen siste dagane 
har eg gleda meg over dei
vakre blomane.

Skogfiol

Bekkeblom

 Løvetann
eller Kapplau som eg seier

 Kvitveis

Engkarse


Eg ynskjer deg fine maidagar vidare !