fredag 18. mai 2018

Bunad


Har fått spørsmål om kva bunad eg har.
Eg har ikkje nyare bilde enn frå konfirmasjonen til Celina Marie
i september 2017.
Konfirmanten og farmor har lik bunad.
Her i lag med farfar og
oldemor Judith.
Det er forresten Judith som har brodert 
bunaden min.

Sunnmørsbunad kalla me den, men den heiter eigentleg
Ørskogbunad eller Märthabunad.

Sjå innlegget eg skreiv om dei
forskjellege sunnmørsbunadane
HER

Eldstesonen Andrè og svigerdotter Renathe
med eldstejenta si mellom seg.
Renathe har Lofotbunad.






torsdag 17. mai 2018

17 mai


Me fekk ein strålande dag å 
feire nasjonaldagen på.


Eg har gått i tog i lag med 
Ella Victoria som er rosaruss i år,
siste året i barnehage.


Begge systrene spelar i skulekorpset
Hasund og Dimnøy Skulekorps.
Ella Victoria fann storesyster og fekk
gå i lag med henne eit stykke.

Hos oss blir det tradisjonell middag utpå dagen,
gjorde eg klar i dag tidleg før eg
tok på meg bunaden
Eg veit at mange gler seg til den.


God 17 mai !






tirsdag 15. mai 2018

Njutbar


Ordet i utfordringa til Sanna denne veke er
Njutbar,
det finst mange synonym, men eg
likar å tru at det tyder å nyte, enten synet av -,
eller smaken av noko.

Desse fine maidagane er det mangt å nyte,
blant anna blomane i hagen.


Narcisser som villeg blomstrar kvar vår.




Dei tidlege Rhododendronane får meg nesten til
å miste pusten.
Dei er nydelege.
Den største på bildet over er over 30 år gammal
og er flytta fleire gongar.
Den er som ein familiemedlem :)


Og no i kveld rett før eg skal legge meg ser eg sola gå ned
over skodda og disen i horisonten.
Det er verkeleg njutbart :)


Sjå fleire njutbare bilde her:








søndag 13. mai 2018

Maiblomsten




Me har pynta bilen med maiblomst. 

Då eg var barn og ungdom var det ei sjølvfylgje at
me hadde små maiblomster på jakkeslaget
og foreldra hadde mairose på bilen.

Norske Kvinners Sanitetsforening har
 selt maiblomsten sidan 1909 og har skaffa 
over 200 millioner kroner til inntekt for folkehelsa.
No går inntekta til arbeid for barn og unge i
650 sanitetsforeningar i landet vårt.

Eg har vore medlem i NKS sidan 1970.
Mor mi var aktiv i saniteten lenge.
Syster mi Perly har tatt over
 arven og har gjort ein stor innsats
i saniteten i mange år.








lørdag 12. mai 2018

Hotellet i Gdansk



2. til 6. mai var mannen min og eg i Gdansk,
hadde fast tilhald i Hotel Puro Stare Maesto.


Eit nytt og fint hotell som ligg eit steinkast frå gamlebyen.


Herlege blikkfang ga eit flott førsteinntrykk
medan me venta på å sjekke inn.




Delikat rom og bad.




Bilde frå spisesalen.
Frukosten var fantastisk !! 


Ventebenk utanfor spisesalen..


Koselege sittegrupper både her og der.



 Eg likte godt dei fine fargane dei
brukte i interiøret.




Litt av kunsten i resepsjonen.



Her likte me oss godt.












onsdag 9. mai 2018

Sommarkveld

I går hadde me første sommardagen med 
over 23 grader i lufta.
Fantastisk.


Tulipanen ga alt.


Kvelden var vakker.


20 grader kl 22.


ikkje lett å legge seg med slike
fargar på netthinna.






tirsdag 8. mai 2018

Frigjeringsdagen


8. mai
Frigjeringsdagen.


Eg vil dele det flotte diktet hos
bloggaren Mørkerommet:


Her i Ulstein blir dagen markert 
ved statua av Ragnar Ulstein i parken med
Ulstein Mannskor og
Redaktør i lokalavisa Linda Eikrem - appell

God 8. mai