mandag 11. februar 2013

Kvardag

Ei ny veke med kvardagar er i gong.
Måndagstreningsøkta er unnagjort.
No har eg resten av dagen
 til å gjere andre
kjekke ting.
Helga var
vellukka.


Takk og takk ♥
Takk og takk ♥ 

Mmm....
 
 Mmm...
Oppskrifta på vafler er frå mormor Inger.
Du finn den 
HER 


Eg ynskjer alle ei god ny veke !

Anne-Mari

fredag 8. februar 2013

Hyasint

eller Svibel 
Hyacinthus orientalis
 
Denne sviblen står på hytta,
åleine, heile vekene.
Eg skreiv om den 
13-dag-jul
Sidan har den fått nokre dropar vatn nesten
kvar helg i januar.
Forrige helg viste den framleis si prakt.
Og no med ny høg blomsterstilk,

og i tillegg
ny blomstring rett ut frå løken.

Eg har aldri sett maken.
Det tyder på at sviblar treng lite stell..

Men det er ikkje berre sviblar som 
greier seg sjøl.
Klikk på 
Ginsengplanta 
Hugsar du  ?
Den eg kjøpte til jula 2011 ?
Du ser den på øvste bildet, over eit år gamal...

 Eg vil ynskje dei nye fylgjarane hjarteleg velkomne.
Og takke alle som stikk innom,
og takke for alt det fine dokke skriv :)
Eg blir både rørt og glad.

Vonar alle får ei strålande helg !
Helsing  Anne-Mari



torsdag 7. februar 2013

Lysbrett

Sjå innom den flotte bloggen
til Maia

Ho har 
(Månedens utfordring: Lysbrett)

Eg tek utfordringa og viser mitt
brett.
 Fatet fann eg på loppemarknad,
vasen og lysestaken er fattigmannsølv.
Men skåla er spesiell.
Den er bryllaupsgåve frå kullingar
då me gifta oss i 1970.
Skåla har Benny Motzfeldt sitt namnetrekk.
(trur eg vil lage eit eige innlegg om kunstnaren 
Benny Motzfeldt seinare) 

Sjå fleire lysbrett
HER

Framleis god veke til deg som er
innom !

Anne-Mari 



 

onsdag 6. februar 2013

" Ostepanne "

Ein rett som
 er enkel å lage og smakar godt.
I vår familie har me laga "ostepanne" i mange tiår.
Fort gjort å lage når me får besøk.
Men, oftast til oss sjølve som kveldsmat.
Eller som middagserstatning ein dag det er travelt, då
har eg i meir grønsaker og  evt restar av poteter.
Små og store likar det.
Viss eg spør borneborna om kva
me skal lage får eg gjerne "ostepanne" som svar. 

Denne kvelden var me mange så her er tilfong til ein stor porsjon.

Til 3-4 porsjonar må du ha
4 egg tilsett 1/2 ts salt og 4 ss vatn eller mjølk
250 gr reven ost
1 boks bogskinke, eller anna skinke, pølse ...
2-3 ss snitta purreløk
2 ss smør til steiking

Visp egg, salt, vatn lett saman.
Når smøret i panna er gyllent har du eggeblandinga i
panna og strør osten, skinka og purren over.
Legg lokk på panna og la det stå i 
5-6 min over svak varme.
 
 Eg gløymde å ta bilde ved servering så
dette er restane til frukost neste morgen 
(den er meir "fluffy" når den er nylaga).


Eg vonar du har ein fin dag der ute :)

Her er litt snø, og eg gler meg over at sola er koma så høgt at eg 
får den inn i stova.

Slik var utsikta mi klokka ti.

Anne-Mari  

mandag 4. februar 2013

Kald årstid

er utfordringa frå Helene
til   
Mandagstema # 74


Ei viktig oppgåve,
vinter som sommar :)


Sjå fleire bidrag 



Eg ynskjer deg ei god ny veke !

Anne-Mari 

søndag 3. februar 2013

" Vann til elefantene "


Ei fengande bok som var vanskeleg å legge frå seg.
" Vann til elefantene " er ei spennande historie med
livet i eit sirkus som bakteppe.
23 år gamle Jacob Jankowski er klar for eksamen i veterinærstudia
då foreldra brått døyr i ei ulykke.
Pengelens i USA si depresjonstid kjem han tilfeldig
inn i Benzini-brødrene sitt berykta sirkus.
Ei ny verd opnar seg for han.
Ei verd der den festlege fasaden skjuler
fattigdom, nød og ulykke.
Ei verd der Jacob får møte Marlena, ei av stjernene som
han blir forelska i, og Rosie, ein elefant som ikkje 
let seg trene.
 Kjærleikshistoria er grei nok,
men skildringa av
sirkuset, personane og dyra er
fantastisk.
Både forfattar og omsettar har gjort eit
framifrå arbeid med å finne ut
av livet i sirkus på 1920-30 talet.

 
Eg ynskjer deg ein god søndag !

Anne-Mari





lørdag 2. februar 2013

Kyndelsmesse 2. februar

Eit uttrykk eg hugsar frå min barndom var at
" Kjøndelsmess-Knut jaga jula ut"
Kyndelsmesse er 2. februar.
 Den starta i gamal romersk tid. Der dei gjekk i fakkeltog til minne om gudinna Ceres som leitte etter dotra Proserpina som Hades røva. År 500 overtok kyrkja skikken og i år 690 bestemte paven at på denne dag skal ein velsigne alle lys som skal brukast i dette året. 
Så i mellomalderen blir feiringa 
 kobla mot denne feiringa. 
 I mellomalderen var den ein viktig merkedag.
 Oppheva som heilagdag i Noreg frå 1771
På primstaven vår er den markert 
med eit tre.
Du ser det innringa med blått.
 
På denne tida kunne det vere hardt ver,
Kyndelsmess-rykkjen (knuten) Kyndelsmess-knuten.
Her kjem nok samanblandinga med Knut på Tjuandedag 13. januar.
Det var ulik tolking forskjellege stadar i landet,
og på Sunnmøre sa dei at dette var slutten
på julehøgtida.
I Beiarn kalla dei dagen "kjerringjuledagen"
Det kan også vere slik 
Kyndelsmess-Knut jaga jula ut kjem i frå ?
Det står mykje spennande om Kyndelsmesse på internett.
Dette er berre litt av det. 

Eg vil anbefale deg å lese innlegget om Kyndelsmesse
som eg skreiv i fjor. 
Der er også omtale av fleire merkedagar i februar
på primstaven.

Klikk HER

Der er blant anna eit bilde frå same dag i fjor,
der snøklokkene spirer.
I år er det ingen slike teikn.
Det har vore ein kald vinter utan snø heilt til 
for eit par dagar sidan.
No snør det.

Eg er rørt og takksam over alle fine 
tilbakemeldingane på det forrige innlegget.
Det gir meg stor glede.
Tusen takk !

God helg !

Anne-Mari