bur i nabohuset vårt,
hos bror min med familie.
Ho har hatt eit strabasiøst liv i
den seinare tid.
Ho har vore fleire gongar hos dyrlækjar
for blødning og feber.
Mistanke om urinvegsinfeksjon
eller infeksjon i livmora
har gitt henne
antibiotikabehandling,
men til inga nytte.
I går kveld vart ho svært dårleg og
fekk intravenøst smertestillande
og henvisning til operasjon i dag.
Livmora er operert vekk og no
er restitusjonen i gang.
Ho hadde ikkje bandasje då ho kom heim
så sjukepleiar-tante (eg) vart tilkalla
då ho blødde frå operasjonssåret etter å ha gått
ned trappa.
Med god hjelp frå "systrene" hinna fekk
me på ein bandasje.
Stakkars Bessie.
No må du kvile deg og kome deg
på føtene att.
Heldigvis har har ho ein heim der alle er
glade i henne og vil at ho skal
ha det godt.
Ho er ni år,
men ho kan få mange gode år
heretter.
Barnebarna våre elskar henne og
dei ropar på henne
med det same dei kjem ut av bilen
Eg har skrive innlegg om Bessie: