Då dei store oppdagarane tok ut på ferdene sine sjøvegen,
var folk redde for at dei skulle seile
utfor kanten av jorda og forsvinne i djupna...
Det er nok helst myter dette,
for så tidleg som på 1200 talet visste dei at
jorda er rund, blant anna omtala i det handskrivne
verket Kongespeilet (år 1275)
Under ein tur til Flø kom det føre meg
at det var ikkje rart om folk
trudde jorda var flat.
Berre sjå på desse bilda.
Det er fine oktoberdagar med skiftande
temperaturar frå frost om natta og opp i
16 grader på ettermiddag.
Stundom sol og stundom regn.
Ei flott tid.
I går prøvde eg med reprise av eit tidlegare
innlegg, men det lukkast ikkje heilt.
Eg får halde meg til nye og ferske innlegg forstår eg.
Anne-Mari