onsdag 4. september 2013

" Rynkerose"



 " Rosa rugosa "

Kjem opphavleg frå Aust-Asia, men har  seinare
spreidd seg til store delar av Europa.
Det er ei vakker plante med velluktande blomster,
og kjøtfulle nyper, 

eller hjuper som eg 
kallar dei.

" Rynkerosen " er ein av dei roseartane som
er lettast å kjenne igjen.
Den er i dag sett på som ei av dei største
problemplantene i Noreg, og det
er sett i gong tiltak for å 
fjerne den.

I  hagen vår spreier den seg lite.
Den sender si velluktande ange til omgivnadane,
og ikkje minst gir den rikeleg
C-vitamin når eg brukar hjupene.
Dei kan brukast til syltetøy og suppe f.eks.
Det er ikkje kvart år eg brukar dei,
tek ikkje jobben med å reinse dei,
det nok eit utslag av latskap...

Takk for alle fine besøka på bloggen.
Takk til kvar især 

Anne-Mari

mandag 2. september 2013

Mandagstema #90

er
NATURENS GAVER / NATURE'S GIFTS

Eg tok ein tur rundt tunet og
fann plommer på eit
eldgamalt tre.

 Plommene er skarpe på smak,
eg trur mor mi brukte å
tørke dei i steikeomnen
og bruke dei som
svisker. 

Du kan sjå fleire bilde av
 naturens gåver




God tysdag !

Anne-Mari


 

søndag 1. september 2013

50 års konfirmant

Denne helga har 
 50 års konfirmantane 
i Ulstein feira.

Eg har lånt bildet.

Me møtte kvarandre laurdag midt på dag.
Først gjekk turen til
der me fekk omvisning og orientering
om historia til 
Ulstein verft.
Ei historie me alle
 kjenner oss som ein del av, og er stolte av.

Etterpå var det fiskesuppe på 
I desse bygningane hugsa me den tidlegare kafèen
som vart kalla "Mamma" på 1960 talet.

Om kvelden møtte alle på 
til tre rettars middag.
 Eit framifrå måltid !

Praten gjekk til langt ut i dei små timar.
Vi mangla ikkje samtaleemne.

Søndag var me til gudsteneste i
Ulstein kyrkje.
Ei fin oppleving der den unge nye presten
forretta.

Kyrkjekaffien tok me på
hotellet med nydeleg gulrotkake.

Etter ei triveleg stund tok me farvel med kvarandre
og var samde om at det hadde vore
ei særs vellukka konfirmantsamling.

Me i arr.komitèen var så heldige å få
fine blomster !

Takk til kvar og ein for ei minnerik helg !

Anne-Mari


fredag 30. august 2013

Stemmeretten


Eg har gjort borgarplikta mi.

Røysta på førehand !


Ynskjer deg ei fin helg.

 Anne-Mari

 

torsdag 29. august 2013

Rosa

blomster i hagen
akkurat no.

Spirea japonica
(trur eg)

Kjem ikkje på namnet.

Eg har kjøpt ny linse til kameraet og
kosar meg med å finne gode
motiv.

Takk for alle fine kommentarane til
Settekassa.
Kjekt !

Eg linkar innlegget til
Torsdagstema: I like #108 

Anne-Mari

 


tirsdag 27. august 2013

Settekasse


Eg har lenge prøvt å få tak i settekasse.
I ferien kom eg over denne i eit
telt på Youngstorget.
Det er vel eigentleg ei skuffe ?
Etter grundig reingjering
kunne eg henge den på veggen.

 Eg slo opp i
og las denne forklaringa på kva ei settekasse er:

" Når det ble benyttet løse bokstaver (typer) for å sette sammen ord til linjer, 
og linjer til sider, benyttet setteren en settekasse til å oppbevare typene
 (bokstaver, tegn og utslutninger).
 Settekassen besto vanligvis av to grunne brett eller skuffer med 
bestemt plassering for de enkelte typer i ca. 45 egne rom (fag). 
Kassen var delt i to deler, den nederste for de mest 
brukte tegnene (derav navnet lower case),
 og den øvre for mindre brukte tegn (upper case), 
eksempelvis versaler."

Ut i frå denne forklaringa er 
mi settekasse ikkje typisk.
Den har dobbelt så mange rom.
 
 Handtaket på "skuffa".

Merket.

På nettet fann eg dette:

" Bodoni Antikva har lige siden midten af 1940erne været meget benyttet som bogskrift i Danmark og Sverige. Skriften produceres som digital font i lidt varierende udgaver af flere skriftleverandører, bla. ITC, Bauer og Adobe "

 Kan det tyde på at i denne skuffa låg bokstavar og
teikn som vart nytta berre til denne
type skrift ?
At kvar settekasse hadde sine særeigne 
teikn for ei type skrift ?
Spennande !

I mi settekasse skal små
pyntegjenstandar få plass.
 Desse bittesmå grisane i glas kjøpte eg
i Tallin for mange år sidan.

Nokre av desse har eg vist fram 

 

 

mandag 26. august 2013

Ripsbær


Barnebarna vil ha " farmorsylte " når dei
er på besøk.
Då er ripsgelè kjekt å ha.

Over førti små og store glas
er produsert i år.



Me er inne i siste sommarveka dette året.
Vonar den blir fin for
oss alle. 

Anne-Mari