torsdag 8. oktober 2015

tirsdag 6. oktober 2015

Haustferie på hytta


I dag har det vore fint ver og alle
 kosa seg ute.

Det er kjekt å ta fram puter og tepper
og ta ein pause i aktivitetane.






mandag 5. oktober 2015

Blomsterbukett i haustfarga

Kva er vel finare enn ein bukett
 med ulike blomster i 
vakre farga.

Hausten er min.
Den sorgtunge bragda vert song i mitt sinn.
Han løyner ein sumar
i frø som fell.
Vonene våre vert blomar.

Tor Jonsson



søndag 4. oktober 2015

Rosa


Rosa Gerbera 
i bukett med fleire fargar

Den rosa traktoren til Moods of Norway 
står parkert på Flø

Rosa sløyfe på bilen til støtte for
Rosa sløyfe-aksjonen.
I bakgrunnen rosa Queen Elizabeth.





fredag 2. oktober 2015

Slåttekar i himmelen


Slåttekar i himmelen skrive av
Edvard Hoem

Omtalen frå forlaget:
Edvard Hoems oldefar heitte Knut Hansen Nesje, men alle kalla han berre for Nesje.
Forteljinga i denne romanen begynner utanfor Molde i 1874
der Nesje er slåttekar, og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av.
Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røyker pipe og får Nesje med på seifiske,
og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gift og får barn.
 Menneska ved Frænfjorden lever eit liv i hardt arbeid, tett på jorden og fjorden.
Men ein ny veg er i ferd med å opne seg i desse åra- stadig fleire sel det lille dei eig,
og legg ut på den strie og eventyrlege reisa til Amerika.
Seriannas søster Gjertine drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta.
Det begynner å koma brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også 
ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.
"Slåttekar i himmelen" er ein inspirert roman av forfattaren av
Mors og fars historie.
Det er ei forteljing om det nye og det gamle landet, 
om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vera villig til å satse og gjere store offer.


Det var ei fin oppleving å lese denne boka.
Foholda på den tida han skriv har eg høyrt litt om frå
foreldra mine. Deira foreldre var unge på
denne tida og mange av syskena deira
utvandra til Canada.
Boka er både interessant og spennande.

Eg ser for meg at dei hadde liknande reiskapar med seg 
over Atlanteren,
som dei eg har arva og har til pynt
under trappa.





torsdag 1. oktober 2015

Blomsterkorga


med vakre planter er så fin å sjå på.
Kjenner eg blir litt nostalgisk når eg ser 
fasongen.


Minner om min tidlege ungdom
som butikkdame i 
blomsterbutikk.

Takk for den fine blomsterhelsinga.