tirsdag 9. juni 2015

TirsdagsTema - lagad


Eg tolka oppgåva som 
tillaga/kokt, 
om eit måltid.

På Hurtigruteturen hadde me full pensjon 
med deilig frukost- og lunsjbuffè.
Middagen var trerettars og vårt 
bordsete var kl 20.30.
Maten var svært god og variert.
Eg vil presentere menyen 
eine dagen.

Fint å få opplysning om kvar råvarene kjem frå.
Hurtigruta set fokus på kortreist mat,
og støttar lokale bedrifter.

Fyldig og god gulrotsuppe.

Velsmakande ishavsrøye med tilbehør.

Søt avslutning på måltidet,
molte- og ingefæris.

Det var fint å gå til dekka bord og
bli servert nydelege måltid.
Me hadde ei fin veke ombord i Hurtigruta.
Fleire innlegg om turen
herher,
 herher





mandag 8. juni 2015

Jonsokkoll

Då me rydda i uteområdet rundt hytta i dag
fann eg teikn på sommar.


Jonsokkoll av Inger Hagerup

De kaller meg jonsokkoll.
Men jeg er et loddent troll,
tykkmaget, lillagrønn,
de underjordiskes sønn.

Så pussig å vokse opp
og strekke sin vesle kropp
på blomstrende jonsokvoll
og være jonsoktroll.


Gode sommardagar !

Anne-Mari


lørdag 6. juni 2015

Laurdagsmorgon

Det regna kraftig ute,
 med solgløtt inni mellom.
Eg sprang mellom bygene og
tok bilde av den nydelege
Rhododendron Fantastica.


Den kviler inn til 
den gamle furuleggen.

Eg var tidleg oppe i dag,
mannen min reiste til songarstemne.
Hivde meg rundt og laga
tre brett knekkebrød ferdig før
klokka var ti :)

Frå klokka 06 og utover høyrde eg på radio,
eit svært interessant program.
Her kan du høyre

Det skaper mange refleksjonar å 
høyre på slike fantastiske
menneske.

I ettermiddag skal eg kle meg i
regnklede og heie på barnebarna 
Celina Marie og Leah Sofie som skal på
Fotballcup.

God helg !

Anne-Mari




fredag 5. juni 2015

Fiskehjellar


i Svolvær.

Fiskehjell er tørkestativ for usalta fisk,
særleg torsk, sei, hyse, lange og brosme.
til produksjon av tørrfisk.






onsdag 3. juni 2015

Langs med vatnet

Eit steinkast frå
Volda sentrum ligg det idylliske
Rotevatnet

Ein trimtur langs med vatnet gir
 fine opplevingar.

Det blir ofte stopp,
mange fine motiv.

Kvitveis med lillaskjær, 
våt av regn.

Er du på desse trakter anbefaler eg
  turen langs med
Rotevatnet.

Juni er inne i sin tredje dag,
det er 5 grader og regn.
Men vona om sommar
er der :)

Anne-Mari



tirsdag 2. juni 2015

Utan


liv og innhald er denne 
gamle panna.
Den er ikkje fin,
men har sin sjarm,
utan nokon verdens ting å gjere meir.