lørdag 31. januar 2015

Fototriss - B som i.....


VECKANS TEMA...
... är B som i... Ja, B som i vadå? Ni ska alltså hitta motiv som börjar på bokstaven B. En Bil, en Blomma eller kanske ett Bibliotek. Nu har ni all möjlighet att vara kreativa när ni letar motiv för veckans triss, det är ett öppet tema, så fram med kamerorna och börja fotografera!

Eg er svak for slike utfordringar
og denne har gitt meg tankespinn i heile dag.

Her er mine tre bilde:


Bjørkedalsvatnet tidleg på formiddag,
sola i fjelltoppane spegla seg i vatnet.


 Skitur over Brua (over Ljøsurelva) i ettermiddag,
og himmelen er Blå.



Båt på Bakken ....






fredag 30. januar 2015

Ulike trimturar i går og i dag


I går gjekk me tur på gamlevegen
rundt Håheim
ikkje langt heimanfrå.


Omlag 8 km tur- retur på mjukt "telehiv"-underlag.
Opphaldsver og 4-5 varmegrader.

Idylliske eigedomar langs vegen.

----

I dag er me på hytta ( 320 moh )
Den ligg i Hjelmelandsdalen
ved Harpefossen skisenter.
Det tek ein og ein halv time å køyre hit.


Mykje snø.
Temperaturen eit par grader minus.


Gratis styrketrening for Ottar.


Og turen er heilt ulik den
me gjekk i går.
Her treng ein gode sko for å halde seg på beina.
Det er tryggare å gå på ski,
men det blir i morgå :)

God fredagskveld !

Anne-Mari



torsdag 29. januar 2015

Tulipaner er vakre i flokk,



men sanneleg kan ein enkel tulipan vere
vakker på nært hald òg.


Med desse bilda er det ei glede å sende ei
vakker tulipanhelsing til deg.

Fordi du fortena det !


Helsing Anne-Mari


tirsdag 27. januar 2015

" Ingenting forsvinner "



På evighetens tavler

Ingenting forsvinner. Alt
blir uutslettelig risset inn
på evighetens tavler.
Om bare en fugl flyr gjennom solefallet,
to mennesker veksler noen vennlige ord
ved postkassa en morgen, eller
et spor snør langsomt igjen innpå skogen,
så vil disse små små tingene
bli bevart i den universelle bevissthet
så lenge dagene gryr, i øst,
nettene senker sin nåde over Jorden.

De finnes en hukommelse i rommet,
en altfavnende kosmisk hukommelse
som opphever Tiden
og forener alle ting
i et eneste stjernehvitt Nå.

Hans Børli 


Ha ein fin tysdag der ute !

Anne-Mari


fredag 23. januar 2015

Tomatsild


er favoritt for fleire i vår familie,
så eg laga opptil fleire porsjonar for å ha
 godsaker i juleferien.
Neste gong blir vinterferien.
Kjekt å ha når me er samla mange på hytta.


Oppskrifta finn eg i boka til dei tidlegare kollegaene mine
Ingebjørg Lyster og Olaug Myrhol Hatløy

" Go`bitar
frå besta si kokebok " 


Anne-Mari


torsdag 22. januar 2015

Vinnarlukke


Eg var så utruleg heldig å
vinne ei av dei flotte gåvene i 

Eit års-abonnement på
det flotte magasinet

LEV LANDLIG !!

 I dag låg første nummer 
i postkassa.


Inne i magasinet finn eg mange spennande
innlegg og bilde om emne som
 Livsstil, Interiør, Hage, Mat,
Reise, Kulturarv.
Det første eg las var eit fint
innlegg om brødbaking.

Tusen takk til Cathrine for
 ei kjærkomen gåve.
Eg gle meg til å bli betre kjent med
det flotte magasinet.

Ta deg ein tur inn i den interessante bloggen:
Cathrines Kreative Hjørne

Helsing Anne-Mari