lørdag 11. januar 2014

11. januar - kaldare

Ei fin avslutning på ein kald og
klar dag.


Mellom stabbesteinane ved hytta såg me sola gå ned 
bak fjella sør for Nordfjorden.

Minus 8 grader,
Harpefossen skisenter har starta 
snøproduksjon til skibakken.
Natursnøen let vente på seg, men i går
kom eit tynt lag som gir
 kribling i beina og von om skigåing.

Nyt laurdagskvelden og resten av helga.

Anne-Mari


fredag 10. januar 2014

Mose er spennande

Ein tur i skog og mark gjer godt
for kropp og sjel.
Og har ein augene godt opne mot 
omgivnadane kan det dukke opp dei
underlegaste skapningar i
synsfeltet.

Naturen er den beste kunstnar !







Snart vil snøen legge si dyne over 
kunstverka.
Men det vil dei tole.
Til våren vil dei ligge der og
glitre mot sola og fargane rundt seg.
Det gler eg meg til å sjå.

Anne-Mari



onsdag 8. januar 2014

Fengslande


Eg kjende eg vart fengsla, eller bergtatt
då eg las boka 
Kvinner som bygde ein by

av Trudi Henrydotter Eikrem - historikar.


Boka handlar om livet til åtte kvinner i Ulstein kommune,
som kvar på sin måte har sett sitt
preg på utviklinga av lokalsamfunnet sidan
1960 åra.
Historiene kom til etter påtrykk frå mor til forfattaren,
ei av dei åtte portretterte kvinnene i boka.
Ho minte dattera på at 
det er mennene si historie som er nedskriven,
forteljingar om fiskeri, om fiskarbonden og skipsverft,
av og til ei forteljing om eitt og anna kvinnfolk.
Men skulle ein tru historiebøkene var det talet på born som
vitna om at det har budd kvinner i dette samfunnet.
Ho spurde dattera om ho ikkje kjende seg
forplikta til å jamne ut 
skilnaden.

Eg fekk boka i julegåve, og har virkeleg kosa meg 
med den.
Skal eg vere personleg så må eg seie eg er stolt over
å ha fått vere med i ein liten del av 
det nokre av kvinnene fortel.
Eg vil nemne tre av dei.

Asbjørg.
Før det var organisert heimesjukepleie måtte sosialsjefen som òg var sjukepleiar 
engasjere sjukepleiarar i bygda som var tilgjengelege til
å ta seg av stell og tilsyn i heimane.
Eg hugsar eg tenkte at eg skulle hatt "ødemarkstillegg",
der eg rodde over fjorden så gnuane på tommelane blødde...
Det var mange spennande oppdrag rundt i kommuna
for ein nyutdanna sjukepleiar..

Oddny.
I 1976 opna sjukeheimen i kommuna.
Der var fødestove.
Sjukepleiarane som hadde vakt på huset,
 assisterte jordmora under fødslar.
Mang ein gong fekk eg vere i lag med henne og
oppleve den gode roa ho utstrålte
og det store underet det er kvar gong eit
barn kjem til verda.
Som eg skreiv HER
 hadde eg heimefødsel i 1973 så
og kjende att kor den fantastiske jordmora
tok seg av den fødande og det nye barnet.

Inger.
Den tredje eg vil nemne er sjukepleiaren som tok utdanning
tidleg, og som etterpå var mange år heime og 
tok seg av familia si.
Då sjukeheimen opna begynte ho der som
54 åring og jobba der til ho var langt over 70 år.
Eg var så heldig å få jobbe i lag med den
flotte kvinna i mange år.

Eg ser tilbake på åra i lag med desse kvinnene med stor glede.

Boka er lokal, men kan vere interessant for
dei som bur i andre delar av landet òg.
For historia er nok skriven på same måten overalt,
med fokus på mennene sin innsats.
I epilogen reflekterer forfattaren over
tida då desse kvinnene vaks opp og det samfunnet
som dei tilhøyrde. Om frivillege organisasjonar som var
førande for mange av velferdstenestene me har i dag,
og som stort sett var drive av frivillege kvinner.
Her var mykje interessant å lese !





tirsdag 7. januar 2014

Orsaking og TirsdagsTema

Eg kjenner at eg vil be om orsaking for at
eg la ut eit ufullstendig innlegg om 
13. dag jul i går
Eg skulle spare meg litt arbeid og la ut ein link til
omtalen frå innlegget i fjor.
Oppdaga i går kveld at det var feil link ;(
Dersom du vil lese om myter og fakta om 13. dag jul
kan du klikke på denne linken:
13. dag jul

Kanskje er hjerna mi litt "røyklagd"  i det nye året ?
....
Tunet med brising og røyk ligg i eit dalføre i
 Sogn og Fjordane.



sitt tema i dag er 
røk 



mandag 6. januar 2014

6. januar - 13. dag jul

På primstaven som svigerfar har laga
kan me fylgje med dei gamle
teikna for korleis dei 
delte inn året i 
gamal tid.
Dette er vintersida av primstaven
som går frå 14. oktober til
25. mars


13. desember - Sankta Lucia
som vart brent, men flammane 
skada henne ikkje

25. desember - Drikkehorn symboliserar god mat og drikke


1. januar - Eit timeglas viser årsskiftet


 6. januar - Hellige tre kongers dag, trettende dag jul

(ring rundt symbolet)

Du kan lese meir
om 13. dag jul i

Innlegget mitt i 2013

I dag blir det ikkje julemiddag, 
men eg kan drøyme om
den så lenge...
Mat til mange munnar her.....


Vona du får ein fin 13. dag jul !

Anne-Mari


søndag 5. januar 2014

5. januar

I dei "lune" dagane me har no
i starten av januar er det
faktisk mykje fint
å sjå utfor dørene.

Klatrehortensiaen trur våren er komen
og har alt sett skot til nye blad.

Djupene som eg skulle lage syltetøy av
sist haust heng framleis på klungergreinene.
Her òg er det skot til nye blad.

Utfor inngangsdøra er
haustlyngen vakker.
 Eigentleg utruleg
etter alle stormane frå nordvest 
som tek godt her hos oss.

Eg ynskjer deg ei fin ny veke
av det nye året !

Anne-Mari




torsdag 2. januar 2014

Totusenogfjorten


DEN ANNSAME
av Jan Magnus Bruheim

Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter,
dei ansar han aldri på.

Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes på dagen.
Han står der, studd over stav 
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar er det vorte av ?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen,
men nådde han aldri att.


Ord å tenkje over !


Eg ynskjer deg gode dagar i det nye året,
og takkar fordi du er innom
her hos meg.

Helsing Anne-Mari