Viser innlegg med etiketten pensjonist. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pensjonist. Vis alle innlegg

fredag 3. oktober 2014

Livsfilosofi


Kvinna eg nemnde i innlegget om



 har ein flott livsfilosofi som eg vil 
ta til mitt hjarte og prøve
å leve etter.

Me kom i prat med henne i den bratte stigninga opp
til Kjenndalsvatnet då ho hadde ein
liten pause.
Spurde etter alderen og at me
var imponert over kor sprek ho var.

" Eg er 79 år og går tur kvar dag,
helsa mi er god
 og eg ser det slik at eg pliktar å ta vare på den
 med å halde kroppen min i god form."

SÅ godt kan dei seiast - og gjerast !


Anne-Mari





tirsdag 1. oktober 2013

Formiddagstur

med pensjonisten
i det nydelege
oktoberveret

Ein fint opparbeidd sti i øvre del 
av Ulsteinvik.
Her ser me mot Herøy,
Runde til høgre.

Trerekka på fjellryggen
er særprega.

Utsikt til Dimnøya der eg bur
midt i bildet.
(ser ikkje huset vårt) 


 Då me kom heim vart eg ståande og sjå
på dei tre knollbegoniane eg har.
Er det tre forskjellege
sortar ?
Kronblada er ikkje like.
Eg har rekna med at dei heiter
"Skaugum",
men knollane har eg fått
frå ulike stadar.

Anne-Mari



mandag 30. september 2013

Ottar 67 år

og
PENSJONIST
i dag.

foto: Tor Berglie
 
 Fagforeiningsmann
og politikar
i 
50 år.
 
Avskilsfest på
Cafè Engebret

Heidra med gode ord,
 blomster og gåver.

No,
enda meir tid til å vere 
FARFAR

Høyr



enda meir tid til å vere 
i lag med meg
♥


Ei langstilka rose
frå meg til deg
min kjære !

Gratulerer med dagen
og lukke til som pensjonist !

Klem frå Anne-Mari