lørdag 7. januar 2012

Friskt

Bli med på skitur

Løypene ber preg av at det har snøa i heile dag

Ikkje berre born som treng "bensin" når ein er på tur.

Men sjå her
 fleire vil smake Kvikklunsjen...

Vintermotiv

På tide å snu !
Det brakar og knakar i orkanherja gran og furu
den tunge snøen gir siste støtet,
best å kome seg unna.

Frisk tur ga
raude kinn og godt humør !

Etter ein god middag er eg no klar for
Idrettsgalla på TV

Ha ein fin laurdagskveld !

Klem frå Anne-Mari



fredag 6. januar 2012


Eg er vel ikkje åleine som strevar med dette



 Visste Tanja i Gamlehuset at dette skiltet passa til meg ?

----------------

Tremenningen min Gerd Vik Flø er flink med ord.
Idag hadde ho dette på fb profilen sin:
(har fått løyve til å bruke det)

Tenk om
eg var så flink
å sortere
viktig og  uviktig
i tankeverda,
at eg slutta å
ta med meg
og la meg frustrere
over ting frå igår.

Ynskjer alle ein god fredagskveld,
og ta ikkje frustrasjonar med inn i helga.
---------
Eg gjer Gerd sine ord til mine og vonar eg og andre
kan lære å sortere vekk det unødvendige tankespinnet.

Eg helsar nye følgarar velkomne på bloggen min, og
takkar for fine kommentarar !

Klem frå Anne-Mari

torsdag 5. januar 2012

Trettende dag jul 2

Fann denne omtalen av trettende dag jul på nettet,
og vil dele den med mine bloggvener.

Trettende dag jul
Trettende dag jul (Hellige tre kongers dag)
Den 6. januar er det trettende dag jul. Dagen skal minne om mennene fra Østerland som kom til Betlehem. I bibelen kalles de kun for de “vise”.
Gamle juledag
Mange steder ble dagen kalt Gamle juledag og ble feiret som den virkelige juledagen. Man spiste julemat og hadde trearmede lysestaker på bordet (helligtrekongers lys). Man drakk også en skål for et godt år.
På kvelden måtte folk holde seg i hus – da begynte nemlig Åsgårsreia sitt tilbaketog. Det man drømte denne natten ville skje i virkeligheten.
Trettendedagen var også en viktig merkedag for været. Dersom det var fint og klart vær på trettendedagen ga det et godt og grøderikt år sa man. Været denne dagen ville vare i 13 dager. Nå begynte også den kaldeste delen av vinteren.
Dagen ble også av noen kalt Avfaredag. Det var fordi juleturingen nå var over og alle gjester skulle reise hjem. Noen brukte også tyvendejuledag til reisedag.
Primstavens tegn for denne dagen er en klokke, tre kors, tre kroner eller tre menn.
-----------------------
Svigerfar har laga primstav.
Viser eit utsnitt

13 Des -Lucia
25 Des - Drikkehorn symboliserar god mat og drikke
1 Jan - Eit timeglas viser årsskiftet
 6 januar - Hellige tre kongers dag, trettende dag jul.
13 januar - Tjuande dag jul, midtvinter

------------------
I morgå vil me ete julaftamiddag på hytta
mmmm...

Ynskjer alle ein god trettende dag jul !

Helsing Anne-Mari




Trettende dag jul 1

Det nye året er i gong,
13. dag jul i morgå.
Mimre litt om jula som var.
29. desember.
Snøen har lagt seg over terrenget etter orkanen

 Den gamle rattkjelken og sparkane var i sving.
Borna syns det var hivens (me vaksne òg)

Velkomen til Roa !

Ha ein god fredagskveld !

Klem frå Anne-Mari

søndag 1. januar 2012

Godt nytt år !

Ynskjer alle mine bloggvener

Godt Nytt År !

Med eit lånt bilde av fjellterrenget  bak oss.
Har framleis ikkje fått att PCen min, difor vanskar med eigne bilde.
Vonar å kome sterkare i det nye året :)

Takk for alle gode kommentarane dykk har gitt meg på
bloggen min.
Takk til alle som vil vere følgarar.
Og takk til alle som vitjar meg utan å legge att spor.

Eg set umåteleg pris på dykk alle !!!

God nyårsklem frå Anne-Mari




onsdag 28. desember 2011

Veret i jula

Godt å ha straumen tilbake, sjøl om den framleis tek seg
nokre pausar.
Internett vart tilgjengeleg idag onsdag.
Mobilnettet let vente på seg.

Eigentleg kjenner eg at det har vore gode avslappande
dagar.

På biltur til Nordfjordeid var undringa stor over dei
store øydeleggingane.
Kreftene som orkanen Dagmar har
rasa rundt med er enorme.
Dette året har det vore ekstreme vertilhøve fleire stadar i
landet.
Ein kan spørje seg om det verkeleg er levesettet og levestandarden
vår som fører til endringar i veret ??

Julefeiring på hytta inneber også turar på ski

Dette bildet la skisentret ut 22. des

I ettertid er eg glad for at små og store var på tur 1. juledag.
Halvparten i slalåmbakken og resten i skiløypene.
Det pøsregna, men var friskt !
Med godt og varmt vaskerom til kletørk var det ikkje problem.

Men... dette var nokre timar før uveret  ramla over oss....

Fann eit bilde på nettet over sjøen som velta innover sentrum i
Nordfjordeid. 
Dagen etter kunne me sjå fleire småbåtar langt opp i
sentrumsgatene.
Ein fin allè av eit titals bjørker hadde stått han av,
men det er tang/tare rundt kvar stamme :)


Lys i stakar og skåler pluss fyr i ovnen har gjort dagane
koselege.
Ei lyslenkje med batteri i gangen har gitt lys natt og dag.
Me har det godt !!

Eg ynskjer gode romjulsdagar til alle !
Og takk for at du er innom på besøk !

God juleklem frå Anne-Mari



mandag 19. desember 2011

Pottost

Husgeråd som godt kan brukast
idag òg


Den gamle spanna vekkjer mange minner, særleg hugsar eg
ei episode, eg kunne vel vere 8-10 år.
Eg skulle sykle til nabogarden og kjøpe mjølk i denne
spanna, kanskje råmjølk, første mjølka som kjem etter
at kyra har fått kalv.
Iallfall, på sykkelturen heim  var eg uheldig og fekk
kneet under spanna og vips låg både spanna og eg på vegen.
Eg var ikkje høg i hatten då eg kom gråtande heim til mamma.
Hugsar godt at ho trøysta istadenfor å bli sint
Det vart ikkje råmjølkspudding (pottost) den dagen, men det kom gode
tider etter dette.

I morgå skal eg levere PC en til reparasjon så eg blir
nok borte nokre dagar.

Ynskjer alle God jul !

Klem frå Anne-Mari