søndag 29. januar 2012

God vintersøndag

Vakna til ein strålande vinterdag


Kvileplassen min frå
Benken er i vinterdvale.


Isjukler virkar som gardiner.


Fuglebrettet som eldstesonen laga på
sløyden for eit par  tiår sidan,
har fått sin rette plass
Kjøtmeisa er hyppig gjest.

------------------

Etter ein vellukka fineversdag ynskjer eg
God søndagskveld til alle.

No skal eg sjå Ingen grenser på Nrk 1,
eit fantastisk program om viljestyrke og pågangsmot ☼

Hjartans takk til alle for gode kommentarar ♥

Klem frå Anne-Mari



mandag 23. januar 2012

Tvende sinn



Endeleg ser eg blåfargen,
Muscari Blue Magic
 ein av favorittane mine ♥
gir lengt mot vår

Har tvende sinn, for eg vil ha
vinter på hytta ...


Der sto denne fine
Amaryllisen heilt åleine og
blomstra

Tok den med til stova
heime
(den likte ikkje transporten)


I dagane og vekene framover kjem
eg til å halde utkik etter teikn på "vårens komme"

Klem frå Anne-Mari

fredag 20. januar 2012

Føndel

Føndel er eit dialektord om ein hendig person som får til
alt han tek seg til

Trur eg kan seie at far min var ein
føndel.
Han såg mulegheiter til å lage
mange slags ting, ga seg ikkje før
han hadde prøvd.
Om det var ein stor stein som måtte flyttast
fann han ei råd
Ein motor som ikkje ville starte kunne det
nesten sjå ut som han snakka til,
fekk den i gong. 
Lage fine pynte- og bruksting
av tre eller smijern var
ein kjær hobby.

Reparere reiskapar var ei sjølfylgje.


Den reparerte kniven var brukt i årevis,
no har deg den som eit minne.

Ausa brukar eg, den er akkurat 
passe stor til brennsnut.


Ausa er også fin til pynt ♥


Dette var ein liten bit av alle små og
store minner eg har etter far min.
Kanskje får dykk meir ein annan gong.


Ynskjer alle mine vener ein fin fredag !

Helsing Anne-Mari





onsdag 18. januar 2012

Lytte med augene

Husbonden min seier
 Lytt med augene







Han seier òg:

 Å sjå andre menneske -
  å verte sett
kan ikkje overvurderast !


Ynskjer god onsdagskveld.

Klem frå Anne-Mari



lørdag 14. januar 2012

Bessie

- og eg er gode grannar.
(er tanta hennar ;)
Begge er heime på dagtid,
 det er god anledning til å gå tur


Ikkje lett å ta bilde for ho
trur sjølsagt eg vil kose når eg set meg på kne
for å få henne på kornet 


Til jul skal eg seie ho overraska meg
Sjå berre her


DEN fine Bessieboksa med så mykje godis :)

Eg forstår nok hintet...

Jada Bessie,  så snart eg får skikk på pusten
 skal me gå...


Eg ynskjer god helg til alle !

klem frå Anne-Mari


torsdag 12. januar 2012

Tjuande dag jul 13. januar


Primstaven har teikn på begge sider.

Sommarsida til venstre frå 14. april til 7. oktober
Vintersida til høgre frå 14. oktober til 25. mars


Tyvendedag jul - 13.januar

Denne datoen markerte slutten på julefeiringen. Da feide man julen ut av huset med sopelime. Man begynte inne i stuen og endte ved døren. Det var også lov å gjenta dette hos naboene hvis de var for trege med å få julen ut av huset. Det hele ble avsluttet med at man festet og danset hele natten.
I dag pleier folk å ta vekk julepynten og få ut juletreet denne dagen hvis de ikke allerede har gjort det. Vanligvis er det ikke så mange nåler igjen på treet heller etter tyve juledager.
Enkelte holdt tjuendedagen for å være Gamle nyttårsdag, i samsvar med at
Trettendedagen var Gamle juledag.
--------
Glad eg tok ut juletreet tidleg.
Tenk om naboane hadde komt med sopelimen ;)

Feir tjuandedagen med måte, hugs i år kjem den på fredag den trettende !

Klem frå Anne-Mari





tirsdag 10. januar 2012

Først om den store overraskinga
sist søndag.
Inspirerande at innlegg blir lagt merke til:



Tuusen takk !

Eg er overvelda over at det snart er 4500
titt innom bloggen !!

Kan nesten få litt prestasjonsangst....

-----------

Kort innlegg idag,
er av dei heldige som fekk antibiotika
mot lungebetennelsen


Før jul var det mangel på
smør og sukat..
Kva blir det neste ?


Ynskjer god frisk tysdag !

Klem frå Anne-Mari