Husgeråd som godt kan brukast
idag òg
Den gamle spanna vekkjer mange minner, særleg hugsar eg
ei episode, eg kunne vel vere 8-10 år.
Eg skulle sykle til nabogarden og kjøpe mjølk i denne
spanna, kanskje råmjølk, første mjølka som kjem etter
at kyra har fått kalv.
Iallfall, på sykkelturen heim var eg uheldig og fekk
kneet under spanna og vips låg både spanna og eg på vegen.
Eg var ikkje høg i hatten då eg kom gråtande heim til mamma.
Hugsar godt at ho trøysta istadenfor å bli sint
Det vart ikkje råmjølkspudding (pottost) den dagen, men det kom gode
tider etter dette.
I morgå skal eg levere PC en til reparasjon så eg blir
nok borte nokre dagar.
Ynskjer alle God jul !
Klem frå Anne-Mari
Ynskjer alle God jul !
Klem frå Anne-Mari
