Heldig den som har bursdag.
I går var det min tur.
Mest av alt gledde borneborna
12, 11, 9, 7 og 4 år gamle.
Kvar har sin unike personlegdom,
og er verdens beste ♥
Celina Marie hadde skreve dette ♥
Syster mi har strikka nydeleg sjal.
Gler meg til å lese Barnepiken.
Heimelaga rabarbralikør og vin varmar innsida,-
bodylotion og Devold-ull utsida.
Gåvekortet skal eg kjøpe noko fint for.
Kjekt å få nydelege roser frå gode vener.
I tillegg mange gode telefonsamtalar,
fine sms ar, over hundre helsingar på facebook..
Er det rart eg er glad ?
Det fins ikkje bilder av den gode maten
jubilanten serverte ...
Men dei skrepte av biffgryta m/tilbehør, Dajmiskaka,
Sviskekaka(lavkarbo), rosa iskake (bornas favoritt),Yoghurtfromasjen,
lefsene, cornflakestoppane....
God klem frå ei takknemleg
Anne-Mari