torsdag 15. mars 2018

Meir gleder

Dagane med barnepass er omme
for denne gong,
roa senker seg i huset.
Me ser tilbake på
10 flotte dagar i lag med 
barneborna 
Celina Marie 15 år,
Leah Sofie 10 år og
Ella Victoria 5 år
sjå tidlegare innlegg
Det har gått heilt fint, ingen tårer
eller dårleg stemning.

Ein dag oppdaga me at ein fin ullongs hadde eit
digert hol på kneet.

Farmor hugsa at då 10 åringen var lita
hekla eg ei bot og sydde fast over holet.
med godt resultat.
No fann eg fram tråd som passa
og hekla i veg ..


Femåringen var fornøgd med
resultatet,
ho synest det var kult !

Siste dagen tok dei eldste barna i Sundgotmarka
barnehage buss til sentrum av
Ulsteinvik der dei markerte 
"barnehagedagen"
i lag med jamaldringane frå
dei andre barnehagane i kommunen.

Tema for dagen var
"La meg skape"
Det var ei rørt farmor som fekk
det fine bildet ho hadde teikna og
flotte armband.
Tusen takk Ella Victoria <3








mandag 12. mars 2018

På Uglesetra

Ordet denne veka er
Ovan 
eller over på norsk.


Ella Victoria og farmor var på
tur til 
Uglesetra
i går.
Der var mykje spennande å sjå og oppleve.
Nokre karar har laga til denne
fine opplevingsparken,
der små og store lika dei 
forunderlege påfunna ein får sjå.

Merkelege skapningar ligg
under trerøtene.

 Artig.

 Plukka fine strå.

 Kreative skapningar er det mange av.


 Ho prøvde reia som svinga
høgt over stien

 Slengde seg,


Og klatra i ei furu.
Ella Victoria 
OVAN terrenget.

Dei tre siste bilda er linka til utfordringa.








torsdag 8. mars 2018

Gleder


Kvardagen her i huset er annleis enn vanleg.
Frå å vere berre oss to gamle
er me no 5-6 personar
i 10 dagar.
Barneborna skaper liv og røre
i heimen.
Tidlege morgoner med frukost og køyring til
barnehage, barneskule og ungdomsskule
går fint.
Heldigvis har dei oversikt på aktivitetane sine sjølve.
Korpsøving, fotballtrening, karatetrening, skeisedag på isen
bading, bursdagsselskap, påskevandring i kyrkja ...
Ei stakkars farmor blir litt surrete og får kommentarar
som " du har spurt 4 gongar "...:)
Leksene passar dei på sjølve.

Farmor prøver å lage mat som dei likar,
speltbollar (dei er ikkje glad i frø..)
middager som brennsnut, 
laks med gulrot og cremefraichesaus, og
tomatsuppe med makaroni, grillpølse og reven ost
er sikre vinnarar.
Vidare må iallfall taco stå på menyen,
så får me sjå..

 På isen prøver farfar  å instruere Leah Sofie som
du ser bakarst.

Etter ei kuldeperiode i lang tid er det kjekt
at skulen kan ta med elevane på 
Kjerringnesvatnet så dei får prøve å gå på skeiser.
Dei hadde med pølser og anna til grilling
og kosa seg i det fine veret.

Det er fleire dagar att av barneborna sitt besøk,
me har funne ei rytme, farmor har vore på sine faste
timar seniortrim, farfar får unna 
songøving og kommunale møter.
Me synest det er kjekt å kunne bidra til at
foreldra får ei kjærkomen ferie i varmare strøk.










tirsdag 6. mars 2018

Frukt i fjøra

Denne veke er utfordringa ho Sanna
ordet: Frukt


Det kan vel diskuterast om tang og tare
er frukt eller grønsak,
men eg tek sjangsen på at det er 
frukt.
Eg må innrømme at eg ikkje bruka tang i maten,
men har høyrt at det blir
god suppe kokt på tang, kanskje eg skulle
prøve ein gong ?


Eg bur nær sjøen og har alltid likt
å vandre i fjøra.
Den gode lukta av tang og tare blanda med
salt og frisk luft gjer 
ein fjøretur til ei god oppleving.


Tang og tare er fleirårige brunalger.
Tang er mest vanleg i fjøra medan 
tare veks djupare.
Den eg vise her er truleg blæretang.
Det er kjekt å knipe på blærene og få dei
til å sprekke.


Etter ein fjøretur er skuldrane senka og
pulsen lav.

Sjå kva andre har skrive om frukt






mandag 26. februar 2018

Kvitt i dag


Ordet i utfordringa i bloggen til SANNA
denne veke er 
VIT

Blodferske kvite bilde 
er tatt i dag


Snøklokker i tunet.


 Vårteikn i rute.

 Julerose i full blomst.

 På tur gjennom Hornindal i dag
såg me svaner som beita 
berre nokre meter frå bilvegen.
Kanskje det er lagt ut mat ?











mandag 19. februar 2018

Favoritt

er ordet i utfordringa 
denne veke..

Å velge ein favoritt er ikkje enkelt,
 eg har mange.
Må velge mellom ting som gir meg glede,
akkurat i dag er det 
tulipaner på bordet i hytta.

Favorittkruset frå barneborna,
den gode boka 
"Alt uavklart " skrive av
Unn Conradi Andersen
er også favorittar.


 Vakkert å sjå inn i  botnen på
ein tulipan.




Og ute skin sola frå klar himmel over
snødekt terreng.





Du kan sjå andre sine favorittar her:





fredag 16. februar 2018

Snø, sol og vind


Når me køyrer tre fire kilometer heimanfrå
 kan landskapet vere dekt med snø.
Denne veka har det vore fleire dagar med
sol og vind.
Ein dag tok me turen til fots opp gjennom
Fjellsbrekkene,
ein veg over fjellet mellom 
Hareid og Ulstein
Den blir ikkje pløgt om vinteren,
men har spor etter store køyretøy.

Til lenger oppover me gjekk
dess meir bles vinden snøen saman.

Nesten på høgda av bakken
tok vinden godt tak.

Ikkje godt å sjå kvar vegen ligg,
snøen har lagt seg i skavlar.
Me snudde her.

På veg nedatt såg me fotspora våre
på isen under snøen me gjekk på oppover.
---vinden har ikkje greidd å fjerne alle spor--- :)
Morsomt.

Det var ei frisk tur  !