Viser innlegg med etiketten Mai. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mai. Vis alle innlegg

mandag 6. mai 2019

Rød


Röd
er ordet hos Sanna denne veke.
I mi dialekt seier me raud.

Den eine dagen lyser dei flotte raude
 Rhododendronane mot meg.


Neste dag er dei dekte av mange centimeter 
våt og tung snø.


Det er ikkje uvanleg med snø
i mai her hos oss.

Raudruss har me også i år.
Benjamin, første barnebarnet vårt.


Gemsweeklyphotochallenge v. 19 - Röd -





søndag 13. mai 2018

Maiblomsten




Me har pynta bilen med maiblomst. 

Då eg var barn og ungdom var det ei sjølvfylgje at
me hadde små maiblomster på jakkeslaget
og foreldra hadde mairose på bilen.

Norske Kvinners Sanitetsforening har
 selt maiblomsten sidan 1909 og har skaffa 
over 200 millioner kroner til inntekt for folkehelsa.
No går inntekta til arbeid for barn og unge i
650 sanitetsforeningar i landet vårt.

Eg har vore medlem i NKS sidan 1970.
Mor mi var aktiv i saniteten lenge.
Syster mi Perly har tatt over
 arven og har gjort ein stor innsats
i saniteten i mange år.








lørdag 31. mai 2014

Gule blomster

Det er så greit og fint med
blomster som kjem att
år etter år.



Som krev lite stell,
og gir av seg 
sjølv.
Eg er ikkje sikker på namnet til desse
høgreiste blomstrane.

Vona dei siste dagane i mai har vore fin
og juni er velkomen.

Anne-Mari






onsdag 14. mai 2014

Naust

Det er fine dagar no i mai,
både i sol og nedbør.


" Våre største begivenheter er de stille
stundene. "
Friedrich Nietzsche

Sender ei hjarteleg takk til alle dykk
som vitjar bloggen min og legg
igjen fine ord.
Eg set svært stor pris på dykk !

Anne-Mari