søndag 27. august 2017

Kreative Perly


Yngste systra mi Perly Lise har alltid vore 
flink med hendene.
Då ho var lita jente gjekk ho ofte til
nabogarden for å vere ilag med ei
kunstinteressert dame frå "bya"
som måla på lerret.
Hadde det vore i dag hadde nok 
Perly fått gått vidare med interessa si  
ved å ta del i Kulturskulen.

På Ona har ho og familien kjøpt huset
der svigerfaren vaks opp.
Eit lite hus med små rom
og lavt under taket.
Dei har pussa opp og fått det veldig koseleg.
På loftsgangen har dei laga til ei alkove
med god seng og forheng 
Perly har måla døra inn til soveromet
i same stil som putene

På andre sida av døra har ho måla
vassliljer 
Lekkert på begge sider !

Eit gammalt bord med mange lag maling
har fått ny og flott utsjånad.

Ho har sjølvsagt hekla gardinene
i det vesle kjøkenet

Gjennom åra har ho ofte gledd oss med 
fine heimelaga gåver.

Akkurat no broderer ho Nordtrønderbunad til eldste barnebarnet
og strikkar
ps. han er modellen på bildet

Tidlegare innlegg












5 kommentarer:

  1. Kreativitet er bra. Morsomt å skape noe :-)
    Ha en fin søndag./Eirin

    SvarSlett
  2. Dette ser ut veldig koselig...
    jeg liker å lage selv - håndverk -
    Deilige fargene i huset... og nydelig heklet gardin :-))
    Hilsene til deg. God søndag. Klem fra Viola

    SvarSlett
  3. Kor flott! Eg ser ho er svært flonk å sette saman fargar også!

    SvarSlett
  4. Dette var helt fantastisk! Men husk - vi blir aldri for gamle hverken til å lære eller til å bidra med kunst og kultur. Kanskje kan hun lage en bok hvor hun kan lage bilder, strikkemønstre etc.? Lykke til!
    Hilsen fra Tove/fargeneforteller

    SvarSlett
  5. Så mye fint hun har laget! Flotte farger og sammensetninger. God ny uke ønskes deg!

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.