søndag 13. august 2017

Krabbefiske


Eg kan ikkje hugse frå min barndom
at far min dreiv med
krabbefiske.
Men yngste bror min Jon-Ove
er ivrig med det,
og ein dag i ferien hans 
var mannen min og eg med ut på
sjøen for å drage
krabbeteiner.

Fanga i nettet

Bra fangst..

Teina er tømt og lagt i
 fisk som agn før
den blir sett ut att

Bror min er eksperten på dette

Eg lika både det som er inne
i krabbehuset og 
i klørne.
Sjølvsagt med brød og majones.
Nydeleg måltid toppa med
 litt blankt i glaset.

Eg er klar til å fylgje fleire gongar
for dette var spennande.
........

Tusen takk for alle helsingane på 
innlegget om Karsten Warholm.
Han er ein flott fyr med
begge beina godt planta på jorda.








3 kommentarer:

  1. Vi set vår lit til at yngstemann får krabber i teinene i år. Det er godt å få seg minst eitt krabbemåltid i året, helst ute.

    SvarSlett
  2. Krabbeseongen er i gang, og det blir nok noen godbiter i tida framover!

    SvarSlett
  3. Krabbe er nydelig, men ikke for ofte.
    Majones må til, og sitronpepper er godt på.
    Og selvsagt hvitvin.
    Jeg blir gjerne med ut neste gang.
    Hilsen fra Tove

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)