lørdag 30. april 2016

Confit de canard


er stykke av 
and konservert i sitt eige feitt.
Ein kan lage det sjølv

eller kjøpe den ferdig kokt og
hermetisert i boks.
Denne kjøpte me i Spania for mange år  sidan,
datoen er gått ut no, men 
dei to låra låg heilt dekt i feitt og
var like fine.

Eg sette boksa i ei gryte med vatn
og varma forsiktig opp til 
feittet smelta og låra kunne takast ut.
La dei i eit eldfast fat og
steikte på 225 gr 12-15 minutt.
Hadde på grillelementet ei lita stund
på slutten.
Fløytegratinerte poteter er godt til:
10-12 poteter kutta i skiver
legg dei i ei gryte,
slå over 3 dl fløyte
1 sjalottløk hakka
2 fedd kvitløk hakka
salt og pepar
Kok til potetene er halvkokte (10 min)
Ha dei i ei eldfast form og strø
reven ost over.
Sett i omnen på 200 gr
ca 15 minutt til potetene er møre.

Andeconfit servert med
fløytegratinerte poteter og brokkoli 
smaka utruleg godt,
og kan anbefalast på det varmaste.
Eit glas raudvin til 
er prikken over ien.






fredag 29. april 2016

Vårkjærminne


med sin nydelege blå og spede
utsjånad,
er til stor glede om våren.


Omphalodes verna


God fredag !




onsdag 27. april 2016

Symra





Ho står, den kvite symra,
den fyrste blom i år,
der like inn på snøen
i sine tronge kår.

Ho står i kvite klede
så fager som ei brud.
Sjå henne vel i auga,
då har du skoda Gud. 

Eit bod frå himmerike,
ein fattig liten svein
som helsar frå Gud Fader:
Du er min perlestein.

Min Gud, du ser mitt hjarta
og all min vesaldom
kled sjeli i din nåde
så kvit som denne blom !

Anders Hovden
------

Ulstein Mannskor syng denne
vakre visa.
Her frå ei øving i lag
med Herøy Mannskor:









mandag 25. april 2016

Gobelinstoff


Eg kjøpte ei stor
Hotellpute, 70 x 100 cm,
i eit Coop-tilbod for ei stund sidan.
Visste ikkje heilt kva eg skulle bruke den til,
men så kom på at eg har hatt eit
Gobelinstoff liggande i årevis.
Det var ein rest eg kjøpte fordi eg likte det så godt.
Har tatt det fram fleire gongar og
lurt på kva eg skulle sy av det,
og i dag fann eg ut at
 det hadde akkurat rette storleiken .

Puta passa fint i sofakråa,
 stor og god å ha
 i ryggen.

Stødig og godt stoff.
Gobelin er vel ei form for 
billedvev ?








tirsdag 19. april 2016

Mønster


Eit tre i ei gate i 
Kristiansund
har fått mønstra påkledning.

Ser du godt etter ser du at det står
A. Næsje 
over inngangen til forretninga til venstre.
Har namnet same stamfar som
hovudpersonen i bøkene til 
Edvard Hoem:
"Slåttekar i himmelen" og
"Bror din på prærien"
skal tru ?






mandag 18. april 2016

Hoppe paradis


Etter inspirasjon frå

føreslo eg at barnebarna kunne
hoppe paradis 
ein dag dei var på besøk.

Eg hadde dessverre berre eit lite stykke
 tavlekrit, og det vart sjølvsagt ikkje nok.
Då var gode råd dyre,
potetmjøl kan brukast til alt,
iallfall når ein skal danse, og dette
var i same gate....:)
Paradisen vart ikkje heilt slik jentene
hadde brukt før, men farmor insisterte på at det
viktigaste vår å få prøve
å hoppe litt,
kald nordavind var det også,
så enten måtte det hoppast eller så
måtte me vere innomhus.
Storesyster Celina Marie førte an.

Mellomstesyster Leah Sofie har hoppa før.

Lisjesyster Ella Victoria legg opp strategien,

og kom raskt i farta :)

Bessie kom ein tur og ville
sjå kva me heldt på med.
Men ho ville ikkje hoppe paradis :)

På handlelappen min står 
"kjøp tavlekrit...."
Neste gong dei kjem skal eg ha 
utstyret vere i orden.





lørdag 16. april 2016

Speltrundstykker



Denne oppskrifta har eg brukt med
sikta og sammalt kveitemjøl 
i alle år.
Dei er ikkje så grove, 
men både barn og vaksne lika dei.

No er det nokre av familiemedlemane som ikkje
tole så godt kveitemjøl, men ser ut til å tole spelt, 
så no skifta eg ut kveitemjølet med speltmjøl.

225 gr smør
12 dl lunka vatn
2 ts salt
2 ss sukker(eller honning)
1 pk gjær
480 gr sammalt grovt speltmjøl
1260 gr sikta fint speltmjøl

Smelt smøret.
 Mål opp vatn og ha i bakebollen, 
ha i gjæra og det søte og la maskina gå på 
sakte fart til gjæra er oppløyst
ha i smelta smør og salt.
Tilsett det grove mjølet først,
pass på at det blir ei jevn massse.
Deretter det fine mjølet,
prøv deg fram, deiga skal ikkje vere for fast.
Bruk sakte fart på kjøkenmaskina til 
deiga slepp kantane i bollen.
( eg har lese ein stad at ein ikkje skal bruke
stor fart når ein bruka speltmjøl..)
Sett deiga til heving med plast over bollen og 
handdukar oppå 30 minutt.
Legg deiga på bordet og del i emne.
Eg bruka vekt og dele emna i 75 gr kvar.
Det blir ca 32-34 stk fordelt på tre plater.
Denne gongen prøvde eg meg fram
og pensla med vatn og hadde på 5-korns-frøblanding,
 frøa vart litt harde så eg 
anbefale å bruke enten berre solsikkekjerner
eller sesamfrø dersom ein vil ha frø på.
Etterhev rundstykka 25-30 minutt
Steik dei midt i omnen på 220 gr ca. 15 minutt.

Rundstykka er kjempegode både med 
smør og pålegg/ost på eller
til gryterett/salat.

God appetitt !

God helg !





torsdag 14. april 2016

Krokus 2

Eg MÅ berre vise fleire 
krokus


Fine detaljar når ein kjem nær



kvit, sart og vakker 

Om våren ber krokus von om
 varmare dagar.









tirsdag 12. april 2016

I hagen 12 april

er det mangt som vitnar
om vår.
I det fine veret me har hatt siste dagane
skyt det fart både i blomster
og plengras.

Mest overraska er eg over 
at rabarbrarota som me planta i fjor
er så langt komen allereie.
Dei ser litt spinkle ut så 
eg hadde på kugjødselkompost
i dag. Veit ikkje om det
var rett, men tok sjangsen.
Vona det blir store rabarbrastilkar så
eg får lage syltetøy til
sommaren.

Eit av dei gamle plommetrea i
gamlehagen blomstrar rikt
med fine blomster.

Bjørka har fått små 
"museøyrer"

Og her eg sit i stova og skriv innlegget
er det dette synet som møter
meg når eg løftar blikket og 
ser ut glaset



mandag 11. april 2016

Magisk


 Bjørkedalsvatnet
sluttar aldri å fengsle meg.

Litt rørsle i vatnet, 
men dei små
holmane og fjella
speglar seg likevel
Langs hovudvegen er det 
mange fine motiv
Nærbilde av neset på 
bildet over

Me køyrer langs med dette vatnet
når me fær til og frå hytta.
Mannen min er flink til å berekne god tid
for å rekke ferja...
(jada, det er som regel han som køyrer ;)

Fleire innlegg om Bjørkedalsvatnet:





lørdag 9. april 2016

Handemakt


Eg lika godt å sjå på gamle
løebygningar.
Dei har oftast fin farge og 
forseggjorde murar.

Gammal løemur frå
den tida då karane 
laga murar ved å lø opp stein
med handemakt.

"Gråtassen" med kjetting på hjula
er nok ferdig med arbeidet
 for ei stund.


God helg !





fredag 8. april 2016

torsdag 7. april 2016

Angst


eller 
"orolighet"
er Onsdagstema i dag.

For meg som er ekstremt redd
for høgder er turen til
 Fjellstua i Ålesund
via trapper heilt umuleg.

Det er bilveg til Fjellstua frå
baksida, så vil eg
dit blir det i bil.

bilda er lånt frå internett.





tirsdag 5. april 2016

Tett mellom husa på Røros



Omvisning i spennande
Røros
då me var der i bryllaup i fjor
på denne tida.
Det er tett mellom husa.






søndag 3. april 2016

Krokus

er det sikre teiknet på
at våren er her,

dagane er lengre,

kjenner litt rastløyse

og
lengt mot lysare kveldar 
- den fine årstida.


Ynskjer deg fine aprildagar.





fredag 1. april 2016

Vatn


ser mjukt ut

er vakkert


som mørkeblå fløyel

 før det slepper seg 
utføre
i fossande brus

----

I dag er starten på
april, 
la oss gå inn i den med forventning 
og glede.