lørdag 24. september 2011

Ei anna tid

Eg er så heldig å ha arva nokre eignalutar
 som eg set svært høgt.


Verdfulle ting frå foreldre og besteforeldre, 
som dei var stolte av og brukte til bestes.



Teskjeiene var bryllaupsgåve til besteforeldra mine 
i byrjinga på 1900 talet.
Eg undra lenge på kvifor det er små merke i dei, difor spurde eg
mi kjære tante Agnes som går i sitt 91ande år.
Ho fortel at dei vanlege skeiene i husstanden
var på storleik med dei største skeiene på bildet.
Difor brukte dei sølv-teskeiene til babyane når dei
byrja med graut og anna fast føde :))

Det er så nydeleg å sjå dei små bita etter små
tenner og vite at dette er mor og syskena hennar sine
 helsingar
til oss som lever i ei anna tid.

----------

Eg set stor pris på alle gode helsingane eg har fått,
 både munnleg og skriftleg.

klem frå Anne-Mari





2 kommentarer:

  1. Hei du gode :)

    Så herleg med bitemerka i skeiene ♥
    Dette er virkeleg dyrbare skattar!

    Koselege bilder..Og eg er så GLAD for at du bloggar :)

    Nyt helga ♥

    Klem frå Astrid

    SvarSlett
  2. Synest det er kjempe kjekt at du har brukt oppskrifta, og at dine likte :)

    God søndag ♥

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.