onsdag 16. oktober 2013

Roger og bestefar


Kjekt for ein åtteåring
å få hjelpe bestefar og greide garna
før dei skal setjast ut for å
fiske sild.

Bildet er tatt i 1981,
(Tidlegare innlegg om Roger)
  
 Far min var glad i all mat og
særskilt den med spor ;)
Han ville gjerne at me barna og barnebarna
skulle lære å hauste av
naturen.

Minnene lever !

Anne-Mari




tirsdag 15. oktober 2013

Bjørkedalen

Fine oktoberdagar viser oss
dei vakraste motiv.



Bjørkedalvatnet er så klart



at ein nesten ikkje ser kva som er spegling
og kva som er spegla.

Nyt !

Tirsdagstema - reflekterer

- Posted using BlogPress from my iPad
 

fredag 11. oktober 2013

Kinasøte

er ei av mine yndlingsplanter.
Med sine sarte kronblad og klare koboltfarge
er den vakker.
Den er ein tøffing og blomstrar i vekevis til snøen
 legg seg over den.







Dei siste dagane har me hatt eit 
strålande haustver.
Eg kjenner det gjer godt for både kropp og sjel
 å fylle lungene med den skarpe lufta
 og nyte dei vakre fargane.

Eg ynskjer deg ei avslappande og  fin 
oktoberhelg !

Anne-Mari
 

Link til
En tuffing


onsdag 9. oktober 2013

Skiltkunst

 
Mannen min er fødd på fjellgarden 
Løset i Ulstein 
der mor hans vaks opp. 
Dei budde der til han var 4 år.
 
For omlag 1820 sto husa
eit stykke lenger
vekk, i utmarka.
Staden er i dag attgrodd.

Svigerfar Hans laga
eit skilt som
for ettertida skal syne
kvar garden låg.


 " Her stod dei
fyrste husa
på garden
Løset "



Skiltet er solid og forseggjort
 og
kan linkast til

Onsdagstema i dag som er
SKYLTNINGSKONST


  


mandag 7. oktober 2013

Volda kyrkje


er eit 
landemerke 
når ein ser Volda 
både frå nær og lang avstand.

 bilde lånt frå Wikipedia

Dei fire syskena mine og eg har eit særskilt
forhold til Volda kyrkje.

  Mor vår,
Marie Elfrida Aasen 
f.13. juli 1925,
stod konfirmant i denne kyrkja.
Ho vaks opp i Hjartåbygda
lenger inn i Voldafjorden.

 Foreldra våre 
Marie og Karl Breivik
vart 
vigde i denne kyrkja 10 august 1947.

Me tykkjer dei var eit vakkert par
♥
Dei busette seg i Ulstein der dei tok
over småbruket der far min vaks opp.
( der eg har heimen min framleis)

Ho lengta innatt til fjorden og dei høge
fjella, ho tykte her var for ope mot havet.
Men etter at syster mi og eg var i
  4-6 års alderen og sat i fjøresteinane og song
julesongar medan me såg opp i stoveglaset der juletreet glitra, 
slutta ho å lengte heimatt.
I ettertid sa ho at då innsåg ho at 
det var her ho hadde heimen sin.
Til sin døyande dag undra ho seg over dei fine fargane 
når sola gjekk ned i havet,
og vart aldri lei av å nyte dei.

Eit døme på forholdet mor mi hadde
til Volda kyrkje er

bildet ho broderte og hadde på
veggen i stova. 


Innlegget knyter eg til




søndag 6. oktober 2013

I det stille

Fototriss del 233: Stillhet

 

Helg på hytta med 
heile familien samla, 
12 i talet.
 
Barnebarna på 
14, 13, 11, 9 og 6 år
er blitt utfordra i Quiz.
Det er favoritt hos dei vaksne òg.

Yngstejenta Ella Victoria på 11 mnd
arbeidar i det stille..

Her trengs ei ryddande hand.

Er dette noko å samle på ?

Skal tru kor det smakar...

Det er herleg å vere liten og
få " halde på i fred og ro "

Sjå andre sine Fototriss
HER


 


torsdag 3. oktober 2013

Haustglede

Eg sluttar aldri å undre meg
over naturen sine mange ansikt.
Som oftast kan eg la meg fjetre av utsikta 
mot holmane og havet.
Men snur eg meg rundt og ser 
andre vegen kan eg 
sjå dette.



" Lykken ligger ikke i det du eier, 
men i det du gleder deg over "
Phil Bosmans


Hjartans takk for alle fine kommentarane
eg har fått .
Og stor takk til alle som kjem innom og les.
 Eg er audmjuk og takksam
og set umåteleg pris på dykk alle !

Klem frå Anne-Mari