torsdag 5. januar 2012

Trettende dag jul 1

Det nye året er i gong,
13. dag jul i morgå.
Mimre litt om jula som var.
29. desember.
Snøen har lagt seg over terrenget etter orkanen

 Den gamle rattkjelken og sparkane var i sving.
Borna syns det var hivens (me vaksne òg)

Velkomen til Roa !

Ha ein god fredagskveld !

Klem frå Anne-Mari

9 kommentarer:

  1. Ja det er utrolig hvor fort jula går... Jeg er standhaftig og holder på jula så lenge jeg kan. Men i morra er det slutt. Da er det trettende dag ja. Vemodig. Jeg liker aldri å ta jula ut. Men etter et par dager går det greit heldigvis :)
    Flotte bilder!

    Klem fra Inger

    SvarSlett
  2. Kjempefine bilder :) Ei slik nissedame har stått utanfor huset mitt i jula også ;)Har ein nissekar også. Her er jula rydda ut, eg pyntar så tidlig at eg syns det er godt å rydde den vekk og starte på nytt i januar ;)

    Klem frå Sissel Astrid

    SvarSlett
  3. Skikkeleg flotte julestemning på hytta!! Du skriv om treffandedag jul.. Heime med oss hadde vi ofte julemiddag trettandeafta, dersom det passa slik i høve til jobbing, etc (det tek nokre timar å førebu ein julemiddag). Trettandedag Knut, jagar jula ut, er vel eit ordtak. Har ofte tenkt på kva det kjem av. Veit du det, Anne Mari?

    SvarSlett
  4. Når det gjeld han Knut så har eg alltid høyrt at det er tjuandedag han jagar :)
    I Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon står det: Tjuendedagen, 13 januar, etter norsk folkeleg tradisjon den siste dag i jula. "Tjugandedags-Knut jagar jula ut". Nokre stadar "jagde ut" jula med sopelimar.
    Enkelte heldt tjuandedagen for å vere Gamle Nyttårsdag, i samsvar med at Trettandedagen var Gamle juledag.
    Eit anna uttrykk eg hugsar dei gamle sa var "tjøndelsmess-Knut jagar jula ut". Trur ikkje det er same dag, men skal prøve å finne det ut.

    SvarSlett
  5. Ok, takk Anne Mari! Du har nok heilt rett i at det er 20.dag han Knut jagar jula ut... Her tok den strake vegen ut 1. nyttårsdag :-) Det blir interessant å sjå kva du finn ut om tjøndelsmess - om den fell saman med 20.dag...?

    SvarSlett
  6. Flotte vinterbilder.
    Ser ut som at dokke har hatt ei fin julefeiring på hytta, sjøl om det til tider var litt vindfult ;-)
    Tenker eg får begynne å rydde vekk jula i løpet av helga.

    God helg!!!
    Klem Gry

    SvarSlett
  7. Godt nytt år! Kjekt å lese bloggen din igjen, Anne-Mari, og sjå dei fine bileta! Heldige de som har skikkeleg vinter med snø i staden for alt dette surveret i ytre strøk! Men enkelte er jo glade for å sleppe snømåking!
    Klem Arnhild G R

    SvarSlett
  8. Kyndelsmesse er 2. februar. Var ein viktig merkedag i katolsk og etterreformatoriskisk tid.
    Oppheva som heilagdag i Noreg frå 1771
    Markert på ulike måtar på primstaven, på vår med eit tre.
    På denne tida kunne det vere hardt ver, Kyndelsmess-rykkjen (knuten) Kyndelsmess-Knut.
    Her kjem nok samanblandinga med Knut på Tjuandedag 13. jan.
    Det var ulik tolking forskjellege stadar i landet, og på Sunnmøre sa dei at dette var slutten på julehøgtida. I Beiarn kalla dei dagen "kjerringjuledagen". Det kan også vere slik Kyndelsmess-Knut jaga jula ut kjem frå?

    Det står mykje spanande om Kyndelsmesse på nettet. Dette er berre litt av det.

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)