fredag 20. januar 2012

Føndel

Føndel er eit dialektord om ein hendig person som får til
alt han tek seg til

Trur eg kan seie at far min var ein
føndel.
Han såg mulegheiter til å lage
mange slags ting, ga seg ikkje før
han hadde prøvd.
Om det var ein stor stein som måtte flyttast
fann han ei råd
Ein motor som ikkje ville starte kunne det
nesten sjå ut som han snakka til,
fekk den i gong. 
Lage fine pynte- og bruksting
av tre eller smijern var
ein kjær hobby.

Reparere reiskapar var ei sjølfylgje.


Den reparerte kniven var brukt i årevis,
no har deg den som eit minne.

Ausa brukar eg, den er akkurat 
passe stor til brennsnut.


Ausa er også fin til pynt ♥


Dette var ein liten bit av alle små og
store minner eg har etter far min.
Kanskje får dykk meir ein annan gong.


Ynskjer alle mine vener ein fin fredag !

Helsing Anne-Mari





8 kommentarer:

  1. Kor koselig. Veldig fint! Du er en liten kunstnar, Anne-Mari.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for skryt Perly ♥,
      men kunstnar er eg nok ikkje.

      Har ikkje arva mykje av det nei :(

      Slett
  2. Det var et nytt ord for meg! Altmuligmann sier vi - og det er kjekt med sånne :)
    Herlige minner fra faren din ♥

    Go' hælj :)

    SvarSlett
  3. Så fint å ha en så fingernemm far!
    Fint at du har tatt vare på tingene..de er gode minner :-)
    Ha fin kveld.

    SvarSlett
  4. Så koselige å ha disse tingene!! OG vi har jammen noe å lære av forrige generasjon og den før i forhold til å ta vare på ting...!
    Klem♥

    SvarSlett
  5. Smilar av å lese innlegga dine :) :)

    Ordet har gått meg forbi..Gøy med slikt frå deg :)

    Gode minner i ulike variantar er GULL verdt! ♥

    Ynskjer deg ei god helg!

    Klem frå Astrid ♥

    SvarSlett
  6. Takk for koseleg kommentar♥
    So fint innlegg :) Har ei slik ause etter mi bestemor, og den er i bruk nesten kvar dag! Det kjæraste eg eiger er jo minner frå besteforeldra mine :)

    Klem

    SvarSlett
  7. Hey! Dialektord! Kan du ikke skrive litt mer om det og legge det inn på dialektbloggen min? Event.sende en mail? Elsker spesielle dialektord.

    Hilsen "Dialektsamleren" <--bloggen heter det. :-)

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)