mandag 19. desember 2011

Pottost

Husgeråd som godt kan brukast
idag òg


Den gamle spanna vekkjer mange minner, særleg hugsar eg
ei episode, eg kunne vel vere 8-10 år.
Eg skulle sykle til nabogarden og kjøpe mjølk i denne
spanna, kanskje råmjølk, første mjølka som kjem etter
at kyra har fått kalv.
Iallfall, på sykkelturen heim  var eg uheldig og fekk
kneet under spanna og vips låg både spanna og eg på vegen.
Eg var ikkje høg i hatten då eg kom gråtande heim til mamma.
Hugsar godt at ho trøysta istadenfor å bli sint
Det vart ikkje råmjølkspudding (pottost) den dagen, men det kom gode
tider etter dette.

I morgå skal eg levere PC en til reparasjon så eg blir
nok borte nokre dagar.

Ynskjer alle God jul !

Klem frå Anne-Mari

5 kommentarer:

  1. hei Anne-Mari, det er veldig koselig å besøke bloggen din, det vekker gamle og gode minner i meg og, å sjå alle gamle, kjende og kjære gjenstandane som var i daglig bruk for nokre 10 år sidan, dei tok ikkje store plassen i skuffer og skap desse, iforhold til alle maskinene og hjelpemidla vi har i dag, det var ei fin og rett og slett roleg tid, sjølv om alt skulle gjerast "for hand" GOD JUL TIL DEG OG DINE helsing Aud-Sølvi

    SvarSlett
  2. Kjekt å kike innom bloggen din, koseleg er det.
    Og God jul til deg og Ottar.

    Mvh Bente

    SvarSlett
  3. Hei Anne-Mari,
    Kjekt å ta vare på gamle ting, har fått av pappa nokken gamle handlaga tre-høvla etter nå "Besten" ut i tuå, eg huska no ikkje han, av naturlige årsaker, men har no litt "verdi" alikevel, om ikkje i pengar så... Så har eg også nokken ting Onkel Karl har laga, bl.a et ausekar, ei klokke, ei ause. Ausekaret trur eg var nokke av det siste han laga faktisk. Har tenkt å lage til en vegg på hytta der alt dette skal få sin egen plass :-)
    Ellers så får dokke ha ei riktig så God Jul uti Tuå i år også, hels alle dine. Eg henter pappa på lillejulaften, og så kommer vi nedover 4 dag.
    Julehilsen fra Ottar.

    SvarSlett
  4. Tuusen takk for gode kommentarar. Veldig kjekt å høyre frå dokke.
    Eg ynskjer alle ei god jul og godt nytt år.
    Juleklem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  5. ÅÅÅÅ - ei sånn spann hadde svigermor også - men brukte å kalle det spannost, verdens beste dessert! Klem frå Sissel og Oskar i armkroken

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)