fredag 2. desember 2011

Bursdag

Heldig den som har bursdag.
I går var det min tur.
Mest av alt gledde borneborna
12, 11, 9, 7 og 4 år gamle.
Kvar har sin unike personlegdom,
og er verdens beste
Celina Marie hadde skreve dette

Syster mi har strikka nydeleg sjal.
Gler meg til å lese Barnepiken.
Heimelaga rabarbralikør og vin varmar innsida,-
bodylotion og Devold-ull utsida.
Gåvekortet skal eg kjøpe noko fint for.
Kjekt å få nydelege roser frå gode vener.
I tillegg mange gode telefonsamtalar,
fine sms ar, over hundre helsingar på facebook..
Er det rart eg er glad ?

Det fins ikkje bilder av den gode maten
jubilanten serverte ...
Men dei skrepte av biffgryta m/tilbehør, Dajmiskaka,
Sviskekaka(lavkarbo), rosa iskake (bornas favoritt),Yoghurtfromasjen,
lefsene, cornflakestoppane....

God klem frå ei takknemleg
Anne-Mari


7 kommentarer:

  1. Gratulerer så mykje! Kunne godt tenkt meg til å ha vært der under middagen altså:):)Ble sultn av å lese ka dåkk spist, hehe:)
    Mvh Christina Rossi

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha Christina. Ja det hadde vore nok til deg også..
    Me får ta ei samling neste gong du er på Sunnmøre :)

    God helg til dokke alle.

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Gratulere So mykje med overstått ;)

    Gled deg til å lese Barnepiken, den er fantastisk. Og so får du sjå filmen etterpå ;)

    Finaste korta du har fått♡

    Ha ein fin andre søndag i advent!

    Klem

    SvarSlett
  4. Likte best Benjamin sitt kort.

    Det var god gryte:-)

    helsing BENJAMIN

    SvarSlett
  5. Så herlege ord frå farmorjenta ♥

    Barnepiken er knallgod..Gled deg :)

    Tusen takk for koseleg helsing frå deg..Eg plukka opp ei lykt og juletre oppned etter vindane som har råda oss dei siste dagane..

    Ynskjer deg ei god ny veke ♥

    Klem frå Astrid ♥

    SvarSlett
  6. Å du herlege og gode Benjamin ♥

    Du laga DEN flotte raketta på veg uti
    verdensromet.
    Flott bilde :))

    Knuskeklem til deg frå Farmor

    SvarSlett
  7. Og ikkje minst,
    kortet til Benjamin er ORANSJE !!

    ;) ;) ♥

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.