tirsdag 18. oktober 2011

Oppskrift knekkebrød

Har fått spørsmål om oppskrift på knekkebrøda som
eg skreiv om i forrige blogginnlegg



Eg har prøvd fleire oppskrifter og landa på denne som er enkel
og alle knekka er sprø til same tid i omnen

Knekkebrød:
210 gr sammalt spelt (eller grovbakst)
150 gr store havregryn
100 gr solsikkekjerner
70 gr graskarkjerner
80 gr sesamfrø
50 gr linfrø
1 ts salt
7 dl vatn
Bland saman det tørre og rør inn vatn til ei tjukk deig, svelle ca 15 min.
Dekk to steikebrett med bakepapir og fordel deiga utover.
Bruk ein slikkepott slik at det blir jamnt.
Del opp i passande "bitar" med pizzarulle eller kniv før steiking.
Bruk varmluft
Varm omnen til 160 grader og steik eit brett øverst og eit nederst i omnen
i 1 time og 10 min
Etter halve tida brukar eg å ta ut bretta, skjere i spora eg har laga med kniv,
så snur eg bretta og let det som var øverst kome nederst og omvendt.
Avkjøl på rist, bryt opp bitane og oppbevar i boks

Om du ynskjer det kan du tilsette forskjellege krydder eller soltørka tomater
Eg syns smaken er god utan, særleg viss eg brukar dei rista og salta
graskarkjernene.


Mmm, dette er godt.

Lukke til !!

Takk for alle oppmuntrande kommentarane dokke har gitt meg
både her på bloggen og på facebook.

Viss du har lyst å kommentere her på bloggen og ikkje har fått det
til, kan du prøve å velge anonym. Men hugs å skrive namnet ditt under
teksta så eg ser kven du er :)

God klem frå Anne-Mari


3 kommentarer:

  1. Tusen takk for oppskrifta, Anne-Mari! Den skal prøvast med det aller første! - Lenge sidan sist, forresten, - kva med ein tur ut på Bryggen 2.onsdag i november? Orkar du det? Er du bra nok til å køyre bil?
    Klem frå Arnhild

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha Arnhild.
    Ja, eg har lyst å treffe deg og hine.
    Eg skal sjå når dagen er der,,
    Klem

    SvarSlett
  3. Hei deg :)
    Heimelaga knekkebrød er så godt, skikkelig snacks :)

    Kjekt du lika Tilda mi :)

    God helg!

    Klem Anita

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)