onsdag 4. november 2015

" Strikk en kuvøse "


er ein organisasjon som samlar inn
strikka kuvøser til 
nyfødde barn i
Tanzania.
I ei kuvøse er det gensar, teppe,
tubesokkar og hue.

Hasund og Sundgot Sanitetesforening,
der ei av systrene mine er leiar,
 har spurt medlemane
om å strikke.

Den andre systra mi strikka gensar,
tubesokkar og hue.
Eg strikka teppet
80 x 80 cm
Ho har forresten strikka fleire sett.



Garnet er Babygarn frå Trysil
pinnar nr. 3,5

Om fleire vil strikke er adressa:
Strikk for livet
Postboks 2004 Grünerløkka
0505 Oslo



tirsdag 3. november 2015

Tur i Jostedalen


Ei helg i oktober hadde me ein tur til 
indre Sogn.
Det var ein flott tur der me fekk sjå vakre fargar over
fine bygder.
I dag vil eg vise nokre bilde frå
Jostedalen.

Jostedalsbreen, den største isbreen på 
det Europeiske fastlandet.
Isbreen dekke eit areal på 487 km2 og ligg i
kommunnaen Luster, Sogndal, Jølster og Stryn.

Fine motiv langs med vegen.
Her gjekk gamlevegen over brua.

Nigardsbreen
er ei arm av Jostedalsbreen 

Breheimsenteret,
informasjonssenter for Jostedalen Nasjonalpark.

Me køyrde inn gjennom dalen så langt vegen rakk.
Her ser me litt av 
Fåbergstølsbreen, også ei arm
av Jostedalsbreen.

Blåbær og Tytebær
høgt til fjells.


Fint å strekke på beina på Fåbergstølen.

Langt fram i dalen køyrde me gjennom
ein smal tunnell utan lys.
For oss som køyrde personbil gjekk det greit,
men det må vere ei utfordring å køyre der  
med ein svær lastebil....

Akkurat brei nok...





mandag 2. november 2015

Blomster i hagen 2. november


Etter ein fin oktober er det 
mangt som blomstrar i hagen og
sprer glede.
 Kinasøte viste eg her.

Queen Elizabeth er verkeleg dronninga,
den har blomstra heile sommaren 
og har enno mange knoppar.

Hanne har hatt få roser i år,
men no slår ho til med tre nye knoppar.
Sommerwind er ny no i haust.
Det skal bli spennande å sjå den til neste sommar.

Blå Hagehortensia har mange fine blomster framleis.
Den kvite planta har stått i krukke sidan juni.

Ringblomster er kjekt å ha i hagen,
den lyser opp.
Primula er ikkje heilt sikker på årstida....

Oktoberbergknapp 
fyl kalendaren :)

La oss håpe at november blir fin også.






søndag 1. november 2015

Arbeid med ved


Mannen min har saga ned 
tre bak huset,
furu, bjørk og rogn.
Han arbeida med ved nesten 
kvar dag, men tek fri 
søndag.

Veden skal kløyvast i passe store skier
og pakkast i sekkar.

Veden har varma to gongar...

Snart hundre sekkar skal
dekkast lett til og tørke.
Om eitt år eller to skal 
veden varme for tredje gong :)

Og eg ? kva gjorde eg ?
Eg gjorde slikt som ikkje vise igjen anna
enn når ein ikkje gjer det...

Men eg tok litt bilde i det fine veret,
her er utsikt frå kjøkenglaset.







lørdag 31. oktober 2015

31 oktober



Temperaturmålaren vise 
17 grader i dag !

I fare for å gjenta meg sjølv legg eg ut 
bilde av Kinasøte ein gong til
denne månaden.
her


I dag opnar dei seg utan at sola skin på dei.

Today, they open themselves without sunshine,
17 degrees in the air makes the trick

Kinasøte er av mine største gleder
i hagen.


Takk for fine haustdagar i oktober !






torsdag 29. oktober 2015

Gamle gjenstandar


I gangen under trappa har eg samla nokre
gamle arva gjenstandar.
Bordet og benken har far min laga
etter modell av eit
bakstebord,
bord der fleire kvinner sat i lag og baka 
lefser eller flatbrød.
Han har òg laga grautspannet av eine
som står til venstre.
Bak står ein skyrdonk frå 1800 talet,
( eit kjørel brukt til sur mjølk)
I midten står eit brødtrau frå 1800 talet.

Det vakre gamle vaskestellet
 manglar dessverre vassmugga.

Eg set stor pris på desse skattane 
frå ei anna tid.