tirsdag 8. november 2011

Sånn er det berre..

etterkvart lang røynsle med MR

http://www.youtube.com/watch?v=lb_-JR0O8Ew&feature=related

ikkje hoste
ikkje nyse
helst ikkje svelge

dobbelt sett hørselvern

50 minutt



godt å kome heim og nyte resten av dagen 

Fin tysdagskveld !

Klem frå Anne-Mari





mandag 7. november 2011

Bruktfunn.

stor dag i bruktbutikk ..
original skål i stettvase av sølv !!
heldig for meg at nokon gir det frå seg :)

fløytemugge og sukkerskål

  lysestakar


 maken skål som den eg knuste :(
Fatet med skål var bryllaupsgåve for lenge sidan..
.. no vil eg servere hermetiske plommer i den :)

litt nytt og litt brukt

løpar og liftgardin er sydd hos http://www.lailatekstil.no/

Nyt måndagskvelden :)

Varm klem frå Anne-Mari




søndag 30. oktober 2011

Etter haustturen

Tenkjer på så mangt etter turen til Ljådalsvatnet igår.
Kva syns du om dette ?
Slept ned frå månen... eller fly ?
Det andre hjulet låg eit stykke ifrå...
Ifall køyring må det ha vore litt av ein firhjulstrekkar
for å kome så langt inn i fjellet.

Du hugsa eg lurde på kva dette var..
På Kjølsdalssætra brukte ungdomane å samle seg
på ettersommaren når dyra var komne heim frå sæterbeite.
Då heldt dei fest og dans for å feire.
Det har vore dansetilstelningar nesten fram til no, med orkester og
deltakarar i hopetal, det kom meg for øyret at her har
vore samla bortimot 400 personar på fest !!

Det vart litt hustre med vind rundt øyrene så eg gledde meg til dette:

Har ikkje strikka på evigheiter pga skulderplager, no vil eg
kose meg og lage tøfler :)

Så godt å kjenne varmen frå omnen :)

Eg vert så glad når eg får kommentarar,
dokke er så kjekke !

Ynskjer alle ei god veke !

Klem frå Anne-Mari




lørdag 29. oktober 2011

Hausttur


Fekk lyst på tur i fineveret.
Langt fram i Kjølsdalen er sætrar og vatn.
Bak fjella møtest Nordfjord og Sunnmøre, næraste grend der er Almklovdalen.



Gamal fiskehytte ved vatnet


Fine haustfargar






Vakkert terreng

Mange rare skapningar gøymer seg på bjørkestamma...
Fin farge på våt mose. 




Eit samfunn i vinterdvale.


Hmm, ein plass for leik og moro midt inni skogen...
scene, tilhøyrarbenkar og utedo.
Har ikkje høyrt om det før, får sjå om eg kan finne ut
av det til ein annan gong ?


Gamal grind-stein med krok.


Heimattkomne etter ein flott tur
minner klokka om at i natt kl 03 skal me stille klokka
tilbake ein time !
Me får sove ein time lenger !

Eg ynskjer alle ein fin laurdagskveld !
Takkar hjarteleg alle dokke som er innom bloggen min
og kommenter eller les.
Eg ynksjer nye følgarar velkomne :)

Klem frå Anne-Mari






tirsdag 18. oktober 2011

Oppskrift knekkebrød

Har fått spørsmål om oppskrift på knekkebrøda som
eg skreiv om i forrige blogginnlegg



Eg har prøvd fleire oppskrifter og landa på denne som er enkel
og alle knekka er sprø til same tid i omnen

Knekkebrød:
210 gr sammalt spelt (eller grovbakst)
150 gr store havregryn
100 gr solsikkekjerner
70 gr graskarkjerner
80 gr sesamfrø
50 gr linfrø
1 ts salt
7 dl vatn
Bland saman det tørre og rør inn vatn til ei tjukk deig, svelle ca 15 min.
Dekk to steikebrett med bakepapir og fordel deiga utover.
Bruk ein slikkepott slik at det blir jamnt.
Del opp i passande "bitar" med pizzarulle eller kniv før steiking.
Bruk varmluft
Varm omnen til 160 grader og steik eit brett øverst og eit nederst i omnen
i 1 time og 10 min
Etter halve tida brukar eg å ta ut bretta, skjere i spora eg har laga med kniv,
så snur eg bretta og let det som var øverst kome nederst og omvendt.
Avkjøl på rist, bryt opp bitane og oppbevar i boks

Om du ynskjer det kan du tilsette forskjellege krydder eller soltørka tomater
Eg syns smaken er god utan, særleg viss eg brukar dei rista og salta
graskarkjernene.


Mmm, dette er godt.

Lukke til !!

Takk for alle oppmuntrande kommentarane dokke har gitt meg
både her på bloggen og på facebook.

Viss du har lyst å kommentere her på bloggen og ikkje har fått det
til, kan du prøve å velge anonym. Men hugs å skrive namnet ditt under
teksta så eg ser kven du er :)

God klem frå Anne-Mari


mandag 17. oktober 2011

Knekkebrød

Heimelaga knekkebrød


Fort gjort å lage. Eg avgjer sjøl kva
eg har i, brukar spelt istadenfor kveitemjøl, og
brukar mykje frø.
Graskarkjerner og solsikkefrø er mine favorittar.


I krukka frå http://frydbutikken.no/?nr=101&id=9
 er det godsaker for mange





Smakar godt med gulost og paprika---


--og ein god kopp te i krus
 kjøpt av ein kunstnar på Ona.


Eg ynskjer alle ei god ny veke !

Klem frå Anne-Mari






tirsdag 11. oktober 2011

LA VIE


Tanja har laga dette gode skiltet
som minner oss om kva som er livet.



 









Benjamin, eldste barnebarnet har laga denne flotte krydderhylla
på sløyden.
              Farfar fekk den på bursdagen.



Borna likar tomatar og paprika. Baksten til farmor er også populær.
Vekta var i bruk i min barndomsheim



 Minner

Livet


Takk til alle som er innom og kikar på bloggen min :)

Takk for gode kommentarar.

God tysdag !

helsing Anne-Mari