Dosa
er ordet hos Sanna denne veke.
Dåse kan på norsk vere ei lita øskje
med lokk, snusdåse, speldåse..
Eg har ingen av dei, men
kva med denne ?
Uff og uff, håpe ingen av oss har brukt det som
var i Tobakksdåsen, men den er i
samlinga av gamle ting her i huset.
Pudderdåsen min.
Eg ryddar litt i mine skuffer og skap i desse dagar,
og kom fram på desse.
I mitt arbeid som sjukepleiar på 1970 talet
såg eg nytte av tome øskjer etter små glas med
injeksjonsveske (antibiotica).
Dei var praktisk til oppbevaring av mangt og mykje.
Knappar og brukte glidelås
kan kome til nytte ein dag :)
Kan vel kalle det knappedåse ?