mandag 7. mai 2018

Bygningskompleks


Ordet
hos Sanna 
denne veke er
Kopmlicerad
Oversett til norsk kan det vere ei
samansetning, samling, for eksempel
kompleks av bygningar.

 Mannen min og eg kom heimatt igår kveld
etter fire dagar i Gdansk, Polen.
Eg vil vise nokre bilde av 
bygningskomleks der.


Hovudgata Dluga
i gamlebyen Stare Miasto
har eit yrande folkeliv både på dagtid
og kveldstid som her.


Dei fire store bogane markerer utgangen frå Dluga.


Bygningskompleks
langs heile gaten.

Her var det berre å stoppe opp og nyte
dei flotte bygningane og folkelivet på
Dluga torg.












fredag 4. mai 2018

Vårblomster


Ei lita runde i hagen viser
at mykje har skjedd siste veka,
fine dagar og kalde netter har ført til
grønt gras i plenen, nokre 
løkblomster og
primula er i blomst.

 Narcissus tazetta.


 Her ved storesteinen blir det fint når narsissene opnar seg for fullt.
Seinare kjem pinseliljene som no berre har blad.


 Primula med  
ulike fargesjatteringar.



Velkommen vår !





torsdag 3. mai 2018

Fin kveld




Tida

Tida kjem inn på scena no. Står litt fyrst
og nøler, ser nøye
på dørskiltet i huset (ein kulisse der på scena) for å vera viss
om rett stad, ringjer på

og eg opnar: Då
er Tida inne.

Sceneteppet 
fell, det skin av måne og stjernetåke drys
frå teppet som er universets glødande botn

teppet glid opp att
og dèr står den evige klovnen:
held eit skrikande nyfødd barn
på scena
medan Tida bøyer seg
for applaus. Så

er Tida ute.

Knut Ødegård






tirsdag 1. mai 2018

Rosekaktus


Eg har skrive om dei gamle kaktusane 
som blomstrar om våren tidlegare:



Dei får virkeleg ikkje mykje stell,
Kanskje nokre dropar vatn annakvar måned...
Men plutseleg står dei er,
fulle av knoppar.
Då forbarmar eg meg over dei og set
krukkene ein stad me får sjå dei
vakre blomane.


 Kanskje ikkje så blomsterrike som for 5 år sidan,
men dei blir flotte når alt sprett ut.


Eg fekk avlegger(stikling) av ei gammal dame eg 
hadde som pasient ein gong på
1970 talet,
 den har skapt glede 
i snart 50 år.




lørdag 28. april 2018

" Flashback "


Eit skikkeleg flashback, raskt tilbakeblikk, trefte meg ved 
frukostbordet då eg las lokalavisa.
Eg las om kvinna som hadde hatt 
mykje feber og vore svært sjuk,
men som ikkje ville vere lat og gi seg over.
Ho er heldigvis betre no, men det er inga sjølvfylgje.

Eg er nøydd til å skrive ned tankane eg har gått med 
heile formiddagen
 for å få dei ut av hovudet..
I 2005 fekk eg ein akutt og livstruande sjukdom,
medan eg var på jobb og underviste i klasseromet.
Cerebral vaskulitt 
som enkelt sagt er ein betennelsestilstand
i veggen av blodårane i hjerna.
Eg skal ikkje seie så mykje om denne tilstanden,
men at eg var svært sjuk
og låg på sjukehus i 7 veker.
(etterverknadane etter sjukdomen skal eg ikkje ta med
i denne omgong.)
På slutten av året var eg såpass bra at eg kunne
ta oppatt trimturar og prøve å leve normalt.
2. nyttårsdag 2006 hadde eg hjelpt far min å rydde i eit
iskaldt rom i kjellaren før eg om kvelden gjekk 
tur med turvenninna mi.
Heimkomen vart eg litt frostig, men la ikkje så mykje
vekt på det.
Då mannen min kom frå songøving låg eg på sofaen
og fraus under pleddet, eg var
langt frå bra, men tenkte at det ville kome seg når eg
kom meg i senga.
Heile natta fraus og skalv eg, frostriene var fæle,
mannen min heldt rundt meg for å lindre skjelvingane.
Eg målte ikkje temperaturen for å sjå om eg hadde feber,
i ettertid svært skremande at sjukepleiaren sjølv ikkje hadde meir
innsikt...
Om morgonen forsto me at eg måtte til lege,
men eg måtte dusje først...
Eg var nok ikkje heilt klar då eg kom til legekontoret,
ei av mine tidlegare elevar som er legesekretær
tok meg inn på ein benk på ei skiftestove og begynte å måle blodtrykket.
I døsen såg eg at ho vart redd og sprang etter hjelp,
eg hadde nesten ikkje blodtrykk....
Alarmen gjekk og det vart full fart til sjukehus,
diagnose: SEPSIS 
eller blodforgiftning i daglegtale.
Eg fekk god behandlling på intensiv avdeling,
fleire av kroppsfunksjonane var 
i ferd med å bryte saman,
det sto om livet.

To gongar i løpet av eitt år hadde eg overlevd.

I ettertid er eg svært takksam for all hjelpa eg fekk
ved begge sjukdomane.

Eg må vedgå at antennene mine er meir mottakelege
for signal om fare ved mykje feber etter det eg opplevde.
Eg har hatt lungebetennelse nokre gongar sidan og 
har vore snar til lege når feberen har blitt høg.

Det eg vil med dette innlegget er at 
folk må ta på alvor når 
det er høg feber med frostanfall,
og nedsett allmenntilstand.
Mange døyr kvart år av Sepsis.

Det er eigentleg dumt å seie at,
" nei, eg går ikkje til doktor eg veit du" 









torsdag 26. april 2018

Nye puter


Eg er så begeistra for dei fine tinga
syr.
Ho er lærar i barneskulen og 
inspirerer elevar til å
sy mange fine ting.
På fritida syr ho mykje fint som ho sel.
Denne gongen var eg ute etter
nye puter som eg tenkje å ha
i sofaen på hytta.

Eg lika godt desse fargane.
Stoffet har ho kjøpt i Amsterdam der ho er
fast kunde i ein stoffbutikk.


Slik er baksida på dei to putene.
Palmebladstoffet er lekkert.


Fleire måtar å dandere putene på.

 Dei to putene skal eg ta med
til hyttesofaen.


 Eg synest også dette stoffet er nydeleg 
med lauv i forskjellege fargar.
Denne puta vil eg ha heime.
 Palmene på baksida 
i ein annan farge enn dei andre to.

Eg kjøpte forkle også,
men har ikkje tatt bilde av det så
det må bli i eit anna innlegg.

Her finn du tidlegare innlegg om arbeid frå Lappelina










tirsdag 24. april 2018

Minne

I Sanna si utfordring er  
minne
ordet denne veke.

Minna om faren min lever.
Sjøen og fisk var svært viktige.
Han åt fisk i ei eller anna form kvar dag,
gjerne både til frukost, middag og kvelds.
Me snakka ofte om at han kom til å leve
til han vart 100 år han som åt så mykje fisk.
Men dessverre innhenta arbeidsmiljøet frå tidlege
år han, asbest førte til kreft på brysthinna,
Mesoteliom,
og han døydde 86 år gammal 8. mars 2006.

Oldebarnet Celina Marie
får vere med oldefar på fisketur.

Dyrebare augneblinkar.

Oldefar ville gjerne at dei yngre skulle lære
om behandlinga av fisken.
Her får ho sjå korleis han gjer opp og steller den.

Gode minne !

Gemsweeklyphotochallenge v. 17 - Minne -