tirsdag 29. august 2017

Roser i hagen


I fjor planta me eit nytt rosentre, 
Summerwind med små rosa roser.
Eg gler meg til det blir større.
(bildet øverst)

Dei store flotte rosene heiter
Peer Gynt

I går kveld var det fæle vermeldingar,
sterk vind og regn.
Eg plukka inn dei store rosene

 Denne hugsa eg ikkje namnet på.
Tung med relativt tynne stilkar blir den fort
øydelagt av vinden.







søndag 27. august 2017

Kreative Perly


Yngste systra mi Perly Lise har alltid vore 
flink med hendene.
Då ho var lita jente gjekk ho ofte til
nabogarden for å vere ilag med ei
kunstinteressert dame frå "bya"
som måla på lerret.
Hadde det vore i dag hadde nok 
Perly fått gått vidare med interessa si  
ved å ta del i Kulturskulen.

På Ona har ho og familien kjøpt huset
der svigerfaren vaks opp.
Eit lite hus med små rom
og lavt under taket.
Dei har pussa opp og fått det veldig koseleg.
På loftsgangen har dei laga til ei alkove
med god seng og forheng 
Perly har måla døra inn til soveromet
i same stil som putene

På andre sida av døra har ho måla
vassliljer 
Lekkert på begge sider !

Eit gammalt bord med mange lag maling
har fått ny og flott utsjånad.

Ho har sjølvsagt hekla gardinene
i det vesle kjøkenet

Gjennom åra har ho ofte gledd oss med 
fine heimelaga gåver.

Akkurat no broderer ho Nordtrønderbunad til eldste barnebarnet
og strikkar
ps. han er modellen på bildet

Tidlegare innlegg












tirsdag 22. august 2017

Tuebuda


Bestefar Lars Breivik bygde sjøbuda
tidleg på 1930 talet.
I 1952 selde han den til handelsmann Hans Dimmestøl
som dreiv tilvirkning av fisk og sild der.
Eg hugsa godt at eg som lita jente såg på
mor mi og dei andre kvinnene som 
la sild på ein sirleg måte
i tønner.

Tuå sett frå sjøen.
Tuebuda til venstre.
Naustet og sjøhuset til høgre 
har dokke ofte sett på bilda mine.
I tunet er huset vårt øvst på midten, bak huset til
bror min. Barndomsheimen min er 
til høgre.
Husa bak til høgre er byggefeltet Skjerva
på andre sida av hovudvegen.

Siste åra har den sett slik ut.
I vinterstormane har me vore redde for å få
bølgeblekkplater og andre materialer 
fykande gjennom lufta.

Eg har likt godt å ta bilde av den.
Tuebuda hadde sin sjarm heilt
til det siste.

Ein augustdag i 2017 var tida komen


og den underkasta seg maskiners verk.

I dag er utsikta endra,
ein kan sjå til Ulsteinvik og
heilt til Roppehornet på Flø.

På tomta etter den gamle Tuebuda 
vil det snart kome opp fleire flotte naust.

Ein ny tidbolk er på gong.







mandag 21. august 2017

fredag 18. august 2017

Storhjelm eller Prakthjelm ?


Ona og Husøya er 
bunde saman med ei bru.
På Husøya ligg gravplassen


Ved den gamle kyrkjegardsmuren sto det 
fleire grupper av denne
 planten


Eg er usikker på om det er 
Prakthjelm eller Storhjelm,
fine er dei i alle fall.



Tidlegare innlegg om Ona 






torsdag 17. august 2017

mandag 14. august 2017

Bloddråpesvermer


På Ona fekk eg sjå ein 
sommarfugl 
som eg ikkje hadde sett før.
Med hjelp frå Google har eg funne ut
 at det er ein 
Seksflekket bloddråpesvermer
Zygaena filipendulae


Iflg. Wikipedia er den vanleg i Sør-Noreg nord til
Møre og Romsdal


Flott sommarfugl !