lørdag 5. august 2017

Fagerfredløs


  Lysimachia punctata

Planta står på svarteliste over planter som ikkje
er ein naturleg del av vår natur,
men er flott å sjå på.
Eg fekk avleggaren av ei gammal dame eg
var heimesjukepleiar for på
1970 talet 

Bessie i buskaset,
uvisst kva ho leita etter..


Fagerfredløs er eigentleg eit
fint innslag i hagen.
Men lurt å avgrensa den i ytterkanten av hagen,
som her hos naboane og 
vår sin til høgre.

God helg !







onsdag 2. august 2017

Ona 2


Her kjem fleire bilde frå
Ona.
Første innlegget finn du 
HER


Husa står tett på Ona




Stiane på øya går mellom
husa heilt inntil veggen



Rom til leige i nokre av husa

Spasertur rundt hamna i den fine kvelden

Stilt 

Siste rest av sol i horisonten


Storhavet der ute


Farvel for denne gong..








tirsdag 1. august 2017

Grønt


I utfordringa til 
er ordet 
GRØNT

Ei lita runde med opne auge for
grønt
ga dette resultatet

Traktor og caps 
på leikeplassen

Sklia

Grøne slengetau

Bossdunken ikkje langt frå badestranda

Tøyinnsamling
Uff - frå folk til folk

Grannegarden




Fleire grøne innlegg her:











søndag 30. juli 2017

BSW sommar


Bloggers Sunday Walk - sommar

Bloggen Vilt og vakkert
si utfordring er at mange bloggarar
går tur same søndag.
skriv eit innlegg om det og dele
det med andre.

Eg visste eg at det ville vere vanskeleg
å få til ein lang tur søndag.
Eg er "barnevakt" for Bessie,
hunden til bror min i nabohuset.
Ho er skrøpeleg i hofter og bein og eg ville
ikkje plage henne med fjelltur.

Så det vart ein tur i nærområdet i dag.


Deilig å gå på grasteppet som dekkjer
den gamle hovudvegen som gjekk her i min barndom.

Bessie nyt den friske lufta og lika
turen. 

I går gjekk mannen min og eg ein lenger tur på ein
 turveg i nabokommuna.


Eg lika best å gå på mjukt underlag,
men det er ikkje mange slike stiar 
i nærområdet.
Her er mange flotte opparbeidde stiar med
grusdekke, flott det, men det
er litt hardt for ein 
kresen rygg.





Framfor oss hadde himmelen ein
nydeleg blåfarge

Sommarfuglen veit eg ikkje
namnet på

Mykje stor og fin blåbær,
men eg hadde ikkje tatt med
kjerald å plukke i så det vart berre
det me åt etterkvart.

Alt i alt har det blitt eindel fysisk aktivitet 
denne helga.
Før i veka gjekk me på fjelltur frå hytta.
så eg er eigentleg fornøgd :)

Eg har tatt del i to BSW før i år:
BSW - vinter
BSW - vår







onsdag 26. juli 2017

Ona


er ei øy langt ut i havet
i Møre og Romsdal



Syster mi med familie har hus der.
Bror min, mannen min og eg besøkte dei
sist helg.
Ona med bru til Husøya er eit levande samfunn
som har mange spennande opplevingar
å by på.
Etter krigen budde det på det meste 
mellom 300 og 400 menneske der.
I dag bur der omlag 30 fastbuande.
Mange hus er kjøpt av folk som har tilknyting til Ona,
eller av andre frå fastlandet.
Husa blir tatt vare på og brukt som fritidshus.

 Ona fyr er eit kjennemerke 

Frå fyret ser me den tette busetnaden
på Ona
til høgre i bildet ser du brua over til Husøya

Her ser me nokre av husa på Husøya.
Kyrkjegarden og forsamlingshuset er på den øya.

Det er eit yrande liv i det vesle
samfunnet
måsar og terner hekkar på glaskarmane

Om natta ligg ferja på Ona,
visst du ser godt etter ser du at på fenderlista 
på ferja er soveplassen for mange måsar...
Der er også måsereir inni
ei opning i skutesida...

Menneska som bur eller besøke Ona 
kan finne spennande ting å kjøpe.
Der er to keramikkverkstadar med fine
gjenstandar,
biletkunstnar/butikk
og der er ein innhaldsrik handarbeidsbutikk 
med bl. a. mange fine strikka ting.

Me hadde ei flott helg på
ein fredens plass på jord.

Takk for oss.







tirsdag 25. juli 2017

Mystisk


Er ordet denne veke hos

I arkivet fann eg dette bildet
som eg synest illustrerer mystikk over Breim 

I desse dagar er denne bygda råka
av naturkatastrofe som du
kan lese om her:








lørdag 22. juli 2017

Senke blikket


Når ein går i skog og mark er det
mange fine vekstar å
 få auge på


blyge små....






blått er godt å sjå...




fine konglar på den vesle lerka...



Naturen er fin,
det er lurt å senke blikket.