torsdag 10. desember 2015

Lammerull






Er tradisjon å lage til jul.
Utbeina side med kotelettrand frå lam blir krydra og salta og
putta i nettingstrømpe.
Etterpå ligg den i lettsaltlake 5 døgn (eg trur den rosa fargen kjem av det)
Så heng den ca ei veke på loftet for å bokne (lett speking).
No er den kokt, pressa og klar til bruk.
Etter smaksprøve blir den raskt putta i frysaren
til me tek den opp og nyt den på frukostborda i jula.

I like



Posted using BlogPress from my iP

mandag 7. desember 2015

Desemberhelg


Me hadde overnattingsbesøk
av jentene frå fredag til laurdag.

Unicef sitt Dominospel er
spennande både for små og store.
Leah Sofie tok ein pause frå strikketøyet og
spela med Ella Victoria og farfar.
Storesyster Celina Marie 
var opptatt med andre ting..

Planane om å vere ute laurdag vart
skrinlagt.
Det hagla og bles og var skikkeleg 
grisever.

Søndag var det bygever
og det gjekk an å gå ein tur.
Elvane var store, men me er heldige her
på våre kantar i motsetning til
andre stadar i landet der
flaumen har herja.

Nyper pynta mosedekte greiner.

Nostalgi på fjellgarden.

Helga vart avslutta med god middag
hos Andrè, Renathe og jentene.






lørdag 5. desember 2015

Fototriss


Tre bilde på eitt tema:

lyst og mørkt


 Sjakkruter på kjøkenet.

Mørkt og lyst utfor døra på hytta der
 haustpynten står framleis.

Leonardo,
kvalpen eg skreiv om
den mørke sjarmør ♥


 LJUS & MÖRKER





torsdag 3. desember 2015

Figgjo Vulcanus


Eg var så heldig å få denne 

fine Figgjo Vulcanis,
eldfaste skål med lokk

av svigerinne Siv-Marit som hadde
kjøpt den i Danmark.

Eg likar  den godt
og vart kjempeglad for å få den.


I like






tirsdag 1. desember 2015

Litt feiring

Tjuvstarta eit par dagar for tidleg
med heile familien samla søndag.
Potetball med mykje godt tilbehør sto på menyen.

 Det er ikkje lett å hugse på alt, 
så maten vart ikkje fotografert....
Men bordet kom eg merkeleg nok på å ta bilde av
før gjestane kom :)

Eg fekk fine kort
frå Leah Sofie 8 år

og Celina Marie 13 år

Nydelege Leonardo,
som du kan lese meir om her
var på besøk for først gong her hos oss.
Det var trygt og godt å vere i
armane på Emilie som han
ser kvar dag.
-----
Frå i dag av er eg ekte pensjonist,
kva no det inneber...
og dagen skal eg bruke på 
Hjarterehabiliteringskurs ved
sjukehuset i Volda.
Tema i dag:
Kosthald ved hjartesjukdom/kolesterol
Aldri for seint å lære :)