mandag 7. september 2015

Stilt på Rotevatnet


Fototriss - tre bilde på eitt tema
nr. 311: Stillhet

Hengebjørka 
sine blad heng stille.


 Rotevatnet ein stille
septemberdag.

Sjå tidlegare innlegg om Rotevatnet 
her og her





søndag 6. september 2015

Septemberhelg


Ei god og roleg helg
på hytta er over.

Det var turar i nærområdet.
Fint å ha "hare" som dreg :)

Elva med mykje vatn.
Framleis smeltevatn frå snø i fjella.

Blåbærplukking.
Blåbæra er seint modne i år,
truleg pga den kalde sommaren.

Nam nam....






lørdag 5. september 2015

Daglilje `Crimson Pirate`


Eg har fått 
avleggjar frå
for eit par år sidan.

Eg vart så glad då eg såg
den vakre lilja.

Den blomstra for første gong 
i år.

Og regnvatn har den fått 
rikeleg av ....









fredag 4. september 2015

September


starta med fine dagar og
vakre kveldar.

 1. september mot vest

 1. september mot nord

2. september





torsdag 3. september 2015

Naturen er fin

i starten av september

vatnet renn mellom 
mosegrodde steinar

 det gror til rundt sjøen
i den vesle vika

villblome...

ps.
Tusen takk for alle helsingane til Bessie.
Ho er ein roleg og tolmodig pasient.




tirsdag 1. september 2015

Bessie

bur i nabohuset vårt,
hos bror min med familie.
Ho har hatt eit strabasiøst liv i
den seinare tid.
Ho har vore fleire gongar hos dyrlækjar
for blødning og feber. 
Mistanke om urinvegsinfeksjon 
eller infeksjon i livmora
har gitt henne 
antibiotikabehandling,
men til inga nytte.
 I går kveld vart ho svært dårleg og
fekk intravenøst smertestillande 
og henvisning til operasjon i dag.

Livmora er operert vekk og no 
er restitusjonen i gang.
Ho hadde ikkje bandasje då ho kom heim
så sjukepleiar-tante (eg) vart tilkalla
då ho blødde frå operasjonssåret etter å ha gått
ned trappa.
Med god hjelp frå "systrene" hinna fekk
me på ein bandasje.

Stakkars Bessie.
No må du kvile deg og kome deg
på føtene att.
Heldigvis har har ho ein heim der alle er
glade i henne og vil at ho skal
ha det godt.
Ho er ni år, 
men ho kan få mange gode år
heretter.
Barnebarna våre elskar henne og
dei ropar på henne
med det same dei kjem ut av bilen

Eg har skrive innlegg om Bessie:
her,her,herher
 herher


Linkar til: 
TirsdagsTema - LIV