lørdag 10. januar 2015

Helg på hytta

Vermeldaren varsla ekstremver i store
delar av landet til helga.
Heime rydda me inn alt som kunne fyke
i vinden og reiste til
hytta.
I går, fredag gjekk me på ski i
strålande ver.

Skikkeleg vinterlandskap på
Harpefossen

Laurdag vakna me til tett snøkave og litt vind.
Midt på dag vart me einige om at skulle
me gå på ski så måtte det skje
før stormen.

Friskt ver,



men tungt og dårleg skiføre.



Det vart ein skikkeleg trimtur som
gjorde godt for både 
kropp og sjel.



Etterpå hadde me god middag.
Confit de Canard med fløytegratinerte poteter
og brokkoli.
God raudvin smakte til maten.

Link til
Helgegleder
Helgbilder

Til slutt må eg fortelje at i 
skrivande stund kl. 19.30
er det ingen teikn til ekstremver her på hytta.
Og eg har fretta at det kom ikkje heime
i Ulsteinvik heller.
Heldigvis !

God helg frå Anne-Mari


torsdag 8. januar 2015

Amaryllis


Her ser du innlegget om amaryllisen 

Eg var litt sein med å gi den god pleie, men
i romjula slo den ut
i full blomst.


Og slik står den no første 
veka i januar.
Med stativ i potta står den rank
og fin til den
visnar naturleg.


Amaryllis er juleplanta for meg.
Eg får ingen allergiske reaksjonar av den
som av dei fleste andre juleplanter.



onsdag 7. januar 2015

Julekort


Denne nissen har i mange år hengt på veggen 
i dagane før jul.
Siste åra har den hatt nok plass til 
ALLE julekorta.
For ikkje så mange år sidan var den overfylt....

Det har minka på juleKORTthelsingar til og frå slekt og venner.
Med dagens teknologi fyk helsingane
gjennom "lufta" på meir moderne vis.
Eg bit på den eg òg desverre, men sende ein
liten bunke handskrivne kort med posten
til siste jul òg.

Det er ikkje så mange glansa vakre kort
og sjå på lenger.
Men framleis er det flinke tantebarn som sender
bilde av barna sine til oss.
Nokre få standhaftige syskenbarn, og
sjukepleiekullingane mine som eg har hatt
julekortkontakt med i over førti år,
og ikkje minst slektningar i Canada.

Eg set stor pris på julehelsingane
som kom i postkassa på gamlemåten.

Har dine julekortvanar endra seg ?

Anne-Mari



mandag 5. januar 2015

Svinesteik med det som høyre til

I mannen min si familie er denne 
middagsretten tradisjon.
Svinesteik med potet, gulrot, ertestuing, surkål.
Pynta med sviske, tomat og agurk.
Tytebærsyltety høyre til.

Kvar jul i 20 år var me på besøk
hos svigerforeldra mine 1. juledag
 og fekk denne retten som
hovudrett.

Skikkeleg gamaldags brun saus er
" krona på verket ".

Eg bruka å lage denne retten når eg 
vil sikre at alle lika middagen !


Anne-Mari 




torsdag 1. januar 2015

Strikka julegåve


Strikka koppetvoger er gode å bruke,
difor laga eg nokre slike
og ga vekk til systre og venninner til jul.
Her er ein del av dei.


Somme fekk Green Gate oppvaskbørste attåt

andre fekk gryteskrubb,

og atter andre fekk Rice oppvaskbørste og skuresvampar.

Kjekt å gi vekk.
Vona dei som fekk får glede av dei.

Greit å ha eit slikt enkelt strikk
i hendene om kvelden.

Anne-Mari