Har arva nokre gamle gjenstandar som
eg vil vise
Har samla dei rundt omnen på hytta.
I gamle dagar brukte dei open eldstad kalla
grue
der kunne dei mellom anna koke eller steike
maten sin i store jarngryter som hang i ein
skjæring
ei jernstong med mothakar og
eit gryteoppheng som kan førast opp og ned
i høveleg høgd over elden i grua
I taket var det ei opning i taket som vart kalla
ljore
(av forståelege grunnar har eg ikkje denne)
Jarngryte
og ei uvanleg stor spiseskei ;)
På nettet fann eg eit bilde frå Setesdalstunet
som viser grue, skjæring og gryte
Dette er ei kòle
også kalla tranlampe.
Ein enkel "lampe" som dei brukte før
oljelampen.
Kòla var fyllt med lyse
og ein veik som låg i
Lyse var tran frå torskelever brukt
som olje i kòle.
Lyse vart blanda med tjøre og brukt til å smøre sko
og klede for å halde dei tette mot væte.
koksa
den store ausa med skaft var vanleg å
bruke som vassause. Den hang gjerne
på kanten av vassbytta eller på veggen.
Eg har diverre ikkje vassbytte :(
Kjelder: Bøkene til P.F.Waage og Per Sandanger
For meg er dette verdfulle eignalutar som
minner om ei anna tid der menneska hadde heilt
andre hjelpemiddel enn idag.
Tenkjer også på at me klagar over at tida ikkje strekk til
og me har tusen ting å gjere.
Iallfall er det meir lettvint og tidssparande å trykke på ein
knapp og få kokt og steikt den maten me treng.
Ynskjer god søndagskveld !
Klem frå Anne-Mari









