Denne helga har
50 års konfirmantane
i Ulstein feira.
Eg har lånt bildet.
Me møtte kvarandre laurdag midt på dag.
Først gjekk turen til
der me fekk omvisning og orientering
om historia til
Ulstein verft.
Ei historie me alle
kjenner oss som ein del av, og er stolte av.
Etterpå var det fiskesuppe på
I desse bygningane hugsa me den tidlegare kafèen
som vart kalla "Mamma" på 1960 talet.
Om kvelden møtte alle på
til tre rettars middag.
Eit framifrå måltid !
Praten gjekk til langt ut i dei små timar.
Vi mangla ikkje samtaleemne.
Søndag var me til gudsteneste i
Ulstein kyrkje.
Ei fin oppleving der den unge nye presten
forretta.
Kyrkjekaffien tok me på
hotellet med nydeleg gulrotkake.
Etter ei triveleg stund tok me farvel med kvarandre
og var samde om at det hadde vore
ei særs vellukka konfirmantsamling.
Me i arr.komitèen var så heldige å få
fine blomster !
Takk til kvar og ein for ei minnerik helg !
Anne-Mari