tirsdag 17. februar 2015

" Frostpist "

Kanskje er eg over gjennomsnittet frostige av meg.
I alle fall treng eg ofte å ha eit kast (sjal) til å slengje
rundt nakken og skuldrane.


Det grønblå i midten er strikka i eit Alpakkagarn som eg ikkje
hugsar namnet på. 
Eg har brukt det lenge.
Kastet til venstre er nettopp ferdighekla.
Fasongen vart ikkje heilt som eg tenkte, men rekke opp
er nesten umuleg med det garnet.
Det er varmt og deilig.


Dette er ein hals ;)
Eg fann ikkje oppskrift og la opp 52 m og strikka til 
garnet tok slutt.
Brukte to trådar 
Det vart for kort til å ha to gongar rundt halsen
så det blir minst brukt av dei eg har.

Her ser du kastet eg brukar mest.

-----

Ullteppa frå Go-ull er uunværlege for meg.
Dette er babyteppestørrelse, 1 x 1 m.
Eg legg det rundt skuldrane både titt og ofte,
når eg tek ein blund på sofaen, 
eller tek det med i bilen.
Eg har slike tepper i juniorstørrelse og vanlege pledd.
Rein ull, heilt nydelege.
Slike babyteppe har eg kjøpt til barnebarna og
fleire grandtanteborn i barselgåve.
Vonar dei likar teppa sine like godt som eg gjer. 


Eg er takksam og glad for alle
fine besøk på bloggen,
og alle fine spora dokke legg igjen.

Anne-Mari



12 kommentarer:

  1. Herlig! Vorte meir glad i ull rundt halsen eg også. Ha fin dag! Klem

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Fine og gode sjal du har. Det er veldig godt å ha noko som varmar skikkeleg rundt nakken, og då er ull tingen. Eg treng det i alle fall no, for forkjølelsen har tatt tak i meg igjen;(

    SvarSlett
  4. På Nordmøre heter det "frostmort". Ingentig er bedre enn ull i bruk. Her går det framover, men jeg blir ltt mismodig innimellom til tross for mange gode ønsker og mye oppmerksomhet. I dag skal jeg gå meg eg tur til biblioteket og Stugu. Med brodder! Blodsukkeret stiger også i slike stress-situasjoner, og jeg trenger å bevege meg.

    Håper alt står bra til!

    Klem

    SvarSlett
  5. Deilig med god og myk ull å kaste over skuldrene når det er litt kjølig og man er "frysepinne"...

    SvarSlett
  6. Ja det er deilig med ul rundt seg. Jeg har også et lite utvalg av sorten. Fine farger du har strikket med.
    Klem

    SvarSlett
  7. Da er vi ganske så like! Jeg har også et par sjal o.l. liggende i umiddelbar nærhet. Er så godt å slenge over seg! Veldig fine ting du viser! Ha en fin kveld! -Margit-

    SvarSlett
  8. Kor mange fine og deilige sjal du har! Ingenting er som ull, det er sikkert. Men til meg vert det fort for heitt. Her er termostaten ute av drift så det går i heitebølger både titt og ofte;)
    Ruskje ute i kveld så då treng du kanskje eit av kasta dine:)
    Ønsker deg ein varm og lun kveld.
    Klem frå Alva.

    SvarSlett
  9. Herlig :-)) Jeg er også litt frostig men ikke like flink å strikke så jeg må handle de sjalene jeg skal ha :-)) God uke!

    SvarSlett
  10. Vakre sjal du har. Eg har eit liggjande i god-stolen min, som eg er sjeleglad (sjaleglad!) for!

    SvarSlett
  11. Så en fantastisk utvalg - ja i vinteren vi bruker sjal - fin og varm for nakken og skulder. Selvlagt med koselig garnet er best... nesten ferdig, jeg er en fin og varm jakken. Jeg trenger varme. Kos deg Anne Mari Klem fra meg

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)