onsdag 8. januar 2014

Fengslande


Eg kjende eg vart fengsla, eller bergtatt
då eg las boka 
Kvinner som bygde ein by

av Trudi Henrydotter Eikrem - historikar.


Boka handlar om livet til åtte kvinner i Ulstein kommune,
som kvar på sin måte har sett sitt
preg på utviklinga av lokalsamfunnet sidan
1960 åra.
Historiene kom til etter påtrykk frå mor til forfattaren,
ei av dei åtte portretterte kvinnene i boka.
Ho minte dattera på at 
det er mennene si historie som er nedskriven,
forteljingar om fiskeri, om fiskarbonden og skipsverft,
av og til ei forteljing om eitt og anna kvinnfolk.
Men skulle ein tru historiebøkene var det talet på born som
vitna om at det har budd kvinner i dette samfunnet.
Ho spurde dattera om ho ikkje kjende seg
forplikta til å jamne ut 
skilnaden.

Eg fekk boka i julegåve, og har virkeleg kosa meg 
med den.
Skal eg vere personleg så må eg seie eg er stolt over
å ha fått vere med i ein liten del av 
det nokre av kvinnene fortel.
Eg vil nemne tre av dei.

Asbjørg.
Før det var organisert heimesjukepleie måtte sosialsjefen som òg var sjukepleiar 
engasjere sjukepleiarar i bygda som var tilgjengelege til
å ta seg av stell og tilsyn i heimane.
Eg hugsar eg tenkte at eg skulle hatt "ødemarkstillegg",
der eg rodde over fjorden så gnuane på tommelane blødde...
Det var mange spennande oppdrag rundt i kommuna
for ein nyutdanna sjukepleiar..

Oddny.
I 1976 opna sjukeheimen i kommuna.
Der var fødestove.
Sjukepleiarane som hadde vakt på huset,
 assisterte jordmora under fødslar.
Mang ein gong fekk eg vere i lag med henne og
oppleve den gode roa ho utstrålte
og det store underet det er kvar gong eit
barn kjem til verda.
Som eg skreiv HER
 hadde eg heimefødsel i 1973 så
og kjende att kor den fantastiske jordmora
tok seg av den fødande og det nye barnet.

Inger.
Den tredje eg vil nemne er sjukepleiaren som tok utdanning
tidleg, og som etterpå var mange år heime og 
tok seg av familia si.
Då sjukeheimen opna begynte ho der som
54 åring og jobba der til ho var langt over 70 år.
Eg var så heldig å få jobbe i lag med den
flotte kvinna i mange år.

Eg ser tilbake på åra i lag med desse kvinnene med stor glede.

Boka er lokal, men kan vere interessant for
dei som bur i andre delar av landet òg.
For historia er nok skriven på same måten overalt,
med fokus på mennene sin innsats.
I epilogen reflekterer forfattaren over
tida då desse kvinnene vaks opp og det samfunnet
som dei tilhøyrde. Om frivillege organisasjonar som var
førande for mange av velferdstenestene me har i dag,
og som stort sett var drive av frivillege kvinner.
Her var mykje interessant å lese !





9 kommentarer:

  1. Så skönt det är när man hittar en bok man blir riktigt fängslad av och bara vill läsa vidare utan uppehåll!
    Ha en skön onsdagskväll!

    SvarSlett
  2. Det tror jeg på.
    Kvinnene (om de ikke var spioner, femme fatals eller regenter) har ikke store plassen i litteraturen.
    Så en hver bok som viser kvinnenes påvirkning på samfunnet er av verdi.
    Heldig du :)
    Ha en fin kveld. Og en klem :)
    Mormor :)

    SvarSlett
  3. Helt sikkert en fengslende bok - jeg liker det meste som "foregikk" i "gamledager" - det er noe der som alltid fenger meg....

    Ha en flott kveld og dager som kommer!!

    Klem fra Ann Elisabeth

    SvarSlett
  4. Låter som en riktigt fängslande och bra bok, härligt när man råkar på dom;-)

    SvarSlett
  5. Ei gullgruve av ei bok vil jeg tro! På tide at kvinnene får sin plass i historia. Ekstra fint må det være å ha kjent på kroppen hva det handler om.
    Denne boka bør få hedersplassen i bokhylla og være lett tilgjengelig.

    God kveld ønskes deg!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  6. Intressant och viktig information!

    SvarSlett
  7. Det hørtes ut som en veldig bra bok :)

    Takk for finfin kommentar inne hos meg♥
    klem

    SvarSlett
  8. Så fint at lokal historie blir skrevet ned, og tatt vare på for kommende generasjoner.
    Alltid artig å lese om lokale hverdagsopplevelser.

    :) Inger

    SvarSlett
  9. Dette hørtes ut som ei fin bok, ei som jeg helt klart skal lese. Takk for at du tipset:)

    Varm klem til deg
    Hanne:)

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)