mandag 16. september 2013

Dubrovnik

Kull 20
 tok sjukepleieutdanninga i Molde
1967 til 1970
Me har hatt kulltreff fleire gongar gjennom åra.
Denne gongen reiste 16 av oss på 5-dagers tur til 
Dubrovnik i Kroatia,
også kalla Adriaterhavets perle (Lord Byron)

George Bernhard Shaw har sagt omlag slik:
" Om du vil sjå himmelen på jorda, 
kom til Dubrovnik "

Gamlebyen i Dubrovnik er vakker,
 med smale gater utan bilar og
massive murar i kring. 

For å kome seg opp på muren må ein klatre
oppover lange bratte trapper.
Eg var dum nok til å kjøpe billett, men med
min skrekk for høgde var det berre å snu.
Eg rusla i dei trange gatene og
kosa meg til dei andre kom att etter
å ha sett byen i fugleperspektiv.


Ei av dei trange gatene.
Det er mange fastbuande i Gamlebyen,
her såg me klesvask til tørk
på snorene.

Gamlebyen er på UNESCO si
verdsarv-liste.
Den har vore beskytta mot åtak i tidlegare krigar,
men i 1991 etter oppløysinga av Jugoslavia
gjekk nabolanda Serbia og Montenegro til åtak
med bomber og granater og gjorde mykje skade.

I dag kan ein ikkje sjå så mykje spor etter det.
Mange land, der i blant Noreg hjelpte
til med oppatt-bygginga.

Ein av dagane tok me båt frå hamna
i gamlebyen til øya Lokrum som
du ser på bilda over.
Der bada me i det klare og reine
Adriaterhavet.

Kullingen Grete Misund hadde lagt opp den 
innhaldsrike turen
ilag med reisebyrået Berg-Hansen.
I Dubrovnik hadde me svært god omvisning av guide som
snakka skandinavisk.
Både ho og sjåføren var flinke.

Me var ein dagstur over grensa til Montenegro,
der me vitja byane Kotor og Budva 
Sjå kart over Montenegro her

Den gamle byen Kotor ligg i Kotor-bukta,
det næraste Adriaterhavet kjem ein fjord.

I Budva sto dette stativet med
"dødsannonser". Her kan innbyggarane 
få informasjon om kven som er døde og
når dei skal gravleggast.
God idè, ikkje alle har aviser.

Begge desse byane hadde trange gater,
fleire kyrkjer og katedraler,
og vernande murar rundt.

Tur til Konavle-distriktet sør for Dubrovnik var ei stor oppleving.
Me vart yngst velkomne med godsaker som
tørka fiken og appelsinskal i tillegg til 
ulike typer snaps og vin.
Dei møtte oss i sine tradisjonsrike drakter som er 
særeigne for denne dalen.
Her fekk me sjå korleis dei tidlegare hadde
 produsert mjøl og ulltøy.
Interessant at dei hadde gjort det omlag
sameleis som hos oss i tidlegare tider.

Etter omvisninga fekk me lunsj
med heimelaga skinke og ost,
og mykje godt å drikke til.

 I ein liten landsby Gruda var me også på besøk hos
her fekk me blant anna sjå korleis dei produserer
silke.
Det var spennande å høyre om dette.
På bilde over ser du korleis silketråden blir dregen ut av 
"puppene". Fleire kilometer silketråd frå kvar.
Utruleg artig, og vanskeleg å gi referat frå.
Kvinnene i distriktet går i draktene som vist ovanfor.
Bringestykka er brodert med bitte bitte små sting med 
sjølprodusert silketråd,
og har ulik fargesamansetning utifrå
sivilstand.
 Konavle er kjend for gamle tradisjonar
og her vart mykje skada under krigen på 1990 talet.
Tradisjonell mat i Kroatia er velmodna ost og
moden spekeskinke.
Det fekk me servert dei fleste stadar me var.



Det var mange gode måltid,
første kvelden åt me i ein familieeigd restaurant der
dei serverte lam som var tillaga på ein særeigen måte.
Aldeles nydeleg.
Høgdepunktet var middagen i Gamlebyen siste kvelden.
Eit utsøkt 4 retters måltid i restaurant Klarisa.
Me sat i bogegangen under open himmel.
Det var nokså mørkt så det var ikkje godt å fotografere.
(bilde frå restaurant Klarisa er lånt frå nettet)
Restauranten ligg i det tidlegare 
klosteret St. Klara frå 13. og 14. århundre.
Restaurant Klarisa, tidligare kjent som Restaurant Jadran, 
 opna i 2011 etter ei total ombygging.
Guiden fortalde ei rørande historie frå klostertida:
I byen var det mange tenestejenter i arbeid hos
dei velståande. Ofte fekk desse barn som dei ikkje
hadde høve til å ta seg av.
Det var allment kjent at i klosteret gjekk
vaktene vekk frå porten kvar kveld ei lita stund frå kl 24. 
Eit vindauge sto ope så jentene kunne legge frå seg 
babyane sine for at dei skulle bli tatt vare på. 

Det var ein opplevingsrik tur der 
gleda over å vere i lag var stor.
Vennskapsbanda me knytte på internatet for over førti år sidan 
blir sterkare for kvar gong me møtast.

Takk for dei kjekke dagane ! 

Anne-Mari 








12 kommentarer:

  1. Så interessant! Jeg har ikke vært i Dubrovnik, men kan ane smaken av den gode skinka etter ferie i tidligere Jugoslavia på 70-tallet. Der fikk jeg også den beste biffen jeg noensinne har smakt.

    Ønsker deg en fin mandagskveld! Nå har det faktisk slutta å regne her.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Kjekt å få sjå frå turen din!
    Eg tenker at det er slutt på den tida eg samlar rettebunkar til feriane mine. No har eg lyst til å reise!

    Ha ein fin kveld!

    SvarSlett
  3. Dette var no ei flott oppleving vil eg tru.
    Flotte bilete!

    Kanskje ein idé til gjengen min om 5år? ;-)

    Ha god natt!

    SvarSlett
  4. Rørande å lese om samholdet som har blitt bevart så godt i alle desse åra.
    Fine gode bilde du har tatt som geleidar oss gjennom ein opplevelserik tur. Virkelig ein flott stad og eg kjenner jammen at fristelsen til å ta turen er stor. Maten ser aldeles fortreffelig og innbydande ut.
    Jaudå, her bles det så det susa ette i går. Ser at krukker og styr ligg velta. Men det verste er no i kveld at det har snøva så langt ned i fjella og no er det berre 3 grader. Guri...det kan jammen bli frost i natt. Det får berre bli, eg orka ikkje å gå ut å dekke til.
    Lite blogging på meg for tida....det er så mykje anna og ting tar tid. Kanskje det er alderen :D Jaja, blir vel etterkvart.

    Ha fortsatt ein fin kveld og god natt.
    Varm klem frå MarJE.


    SvarSlett
  5. Så fint å lese om turen deres til Dubrovnik! Så koselig at dere kullingene har kontakt etter alle disse årene og kan gjøre slike ting i lag!:-)

    SvarSlett
  6. Dette var en flott gjeng med damer, så artig å kunne ha kontakt og hygge sammen etter så mange år.

    Flotte bilder fra turen deres og været var på deres side ser jeg.

    Dubrovnik er ett reisemål som jeg vil gjerne ha etter å ha sett turen deres.

    Ha en fin dag.

    SvarSlett
  7. No gler eg meg enda meir til eg skal til Dubrovnik i høstferien! Vi er to par som skal vere der ei veke. Dette verkar bra!

    SvarSlett
  8. Så mye spennende dere har opplevd! Fint å treffe gamle venner på denne måten! :)

    SvarSlett
  9. Så flott det så ut der :) Takk for turen!
    Klem til deg!

    SvarSlett
  10. Herlige tur du hadde. Dubrovnik er veldig fin sikker. Jeg var en gang til Adria - det var nasjonalparken Paklenica - det er en stor stykke før Dubrovnik (30 km til Zadar) og så jeg så ikke. Deilig det var.

    SvarSlett
  11. Ser og høres ut som en utrolig fin tur, deilig mat, god drikke, fine severdigheter og ikke minst flott følge - takk for at du lot oss også få være med litt:)
    Og du; jeg hadde snudd i trappa jeg også;)

    Ønsker deg ei deilig helg, har hørt rykte om regn og vind men satser på at ryktene er grunnløse;D
    Varm klem til deg
    Hanne:)

    SvarSlett
  12. Å så herlig å se de fine bildene! Mannen min og jeg forlovet oss på bymuren her i solnedgangen, så herfra har jeg mange gode minner!

    Klem fra Hilde

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.