tirsdag 27. mars 2012

Osloturen

Ei minnerik helg er over
Tre systre ilag frå fredag til søndag 
hender ikkje ofte :)

Hotell sentralt, like ved Karl Johan
var utgongspunkt
Diverre vart det lite fotografering :(
Praten gjekk utstoppeleg, ikkje tid
til å avbryte ;))

Shopping ??
Paleet første stopp
Lekre støvlar,
men unødvendig denne helga :)
Anne-Mari, Perly, Vigdis
fredag kveld.

Kvinnekonferansen var på Oslo
kongressenter laurdag kl 11 til 16
arr. Norske Kvinners Sanitetsforening

Elizabeth Gummesson med innlegget
Du er god nok !
Ho heldt på å døy etter å ha oversett signala
frå kroppen i sitt jag etter å vere perfekt.
No er ho ein av Sveriges mest etterspurde
foredragshaldar
"ta hand om kvar dag, ingen har fått lovnad på dagen i morgå"
"eg, er den personen eg har livslang relasjon til og
omgås kvart våkne minutt"
Les bloggen hennar her:
blogg.tara.se/elizabethgummesson
Ho har skreve boka:
Du er god nok
her
Yngvar Andersen
snakka om å
vere fornøgd med seg sjøl,
seie "eg gler meg til bikinisesongen"
Ei heldig dame i salen vann premien
5 timar med han som personleg trenar :)

Neste hovudtema var:
Kvinner som slår tilbake
Anne Grethe Solberg med innlegget
Yes I can
Ho vart skoten av sin eksmann og
måtte amputere ei arm, og fekk store
skadar i ei hofte.
Ho har stått på og driv med både maratonløp
og kajakkpadling !!

Der var fleire innlegg om trakasering av kvinner.
Ein konferanse med alvor og latter
Lisa Tønne standup,
Hanne Krogh var programleiar
 på ein engasjerande måte.

Til slutt fekk me eit sitat av Madeleine Allbright:
" det finns ein eigen plass i Helvete for kvinner som
ikkje hjelper andre kvinner "

Ute skein sola,
systrene shoppa litt...

Eit glas vin utandørs ved Operaen

Aker brygge søndag formiddag i
strålande ver

Bussturen til og frå Gardermoen
var interessant.
Mykje å sjå og undre seg over
Her var alle markar brune og såg daude ut,
men vegskråningane var fulle av utsprotne
hestehov !
Eg likar meg i Oslo, er lett å be
når det lagar seg tur dit.
Med mannen som vekependlar og husvære i Oslo
i 15 år vart det mange turar dit.

Takk til Vigdis og Perly ♥

Helsing Anne-Mari

10 kommentarer:

  1. Så flott Oslo-tur du har hatt! Mange tankevekkende foredrag skjønner jeg!
    Og Oslo er fin ♥ Neste gang, ta deg en tur på Kampen- og Vålerenga-området!
    Her er det sommertemperatur ute! Så lenge det varer.. (det sies det skal bli kaldt, men det tror jeg ikke på).
    Klem fra Inger

    SvarSlett
    Svar
    1. For nokre år sidan hadde mannen min leiligheit på Grønland (Smalgangen), då vart det mange rusleturar. Bl.a. i Kampen området. Eg syns det var spennande,dei små husa, namnet på gatene, fantastisk. Var det ikkje i ditta området handlinga i Seierherrene av Roy Jacobsen foregikk ?

      I den tida var det ein Oslogut (tilårskomen) som tok oss med trikken til Kjelsås og gjekk langs Akerselva nedatt til sentrum.
      Han kunne historia og ga oss ein flott tur.

      Slett
    2. I Smalgangen bodde mormorungen da ho ble født! Pussig sammentreff... Der har jeg vært mye, før de flytta nedover her i høst.
      Både jeg og mormorungen er døpt i Grønland kirke..
      Kjenner ikke til Seierherrene. Litt flaut det kanskje. Det må jeg finne ut av!
      Moro at du kjenner til litt mer enn Karl Johan og Aker brygge. Oslo er så mye mer ♥
      Klem klem

      Slett
    3. Ja, det var eit artig samantreff.
      Eg syns der var ei flott atmosfære i Smalgangen, koseleg å site ute med noko godt å drikke eller ete.
      Eg er av den nysgjerrige typen som dreiv og tok buss, trikk eller T-bane til endestasjonane for å orientere meg, syns det er spennande å sjå seg rundt.
      Mannen hadde leiligheit forskjellege stadar i byen frå aust til vest så eg har spasert mange stadar.
      Som sagt før, eg er lett å be når det gjeld å kome meg til Oslo. Nyttar alle sjangsar :))

      Slett
    4. Flott i Smalgangen! Og barnehage noen meter fra inngangsdør, smart :) Men greit at de har flytta hit. Grønland er ikke det ideelle stedet for unger å vokse opp på...

      Slett
  2. Ser ut som en perfekt helg;) Flotte foredragsholdere;)
    Tror mange av oss har noe å lære!! Glede seg til bikinisesongen!!! Jaaa......
    Skulle gjerne hatt Yngvar som personlig trener noen timer!!
    Ha en fin uke;)

    Klem fra Ann-M.

    SvarSlett
  3. So kjekt at de har hatt ei fine helg i lag :)
    Tippar det var gode foredrag, er jo viktige tema :)

    Me hadde det heilt supert, det gjekk seg no sånn nokonlunde til med ryggen, men skulle ønskt eg var heilt frisk :)

    Klem

    SvarSlett
  4. Ser ut som du har hatt ein kjekk tur :)
    Godt å lufte haudet litt - og då er det deilig å komme heim også ;)
    Her har vi hektiske dagar som du kanskje har skjønt via facebook - men om vi står på no, så vil kanskje kvardagen bli litt enklare etterkvart :) Har i alle fall ikkje tenkt å slå oss til ro med eit "bra nok" tilbud til den vesle skatten vår ;) Men det tar på kreftene og pustepausene blir ikkje så mange... Krukka på bloggen min er ei gammal leirkrukke og fatet er det også - systa mi budde på ein gammal gard før, og då dei rydda opp der fekk eg desse med henne - er veldig gla i dei :)

    Ønske deg ei super veke vidare!

    Klem

    SvarSlett
  5. Eg og kosar meg i Oslo minst ein gong i året. Det er herleg å puste inn litt byluft og nyte folkelivet t.d. på Aker brygge. Kurs er også kjekt. Eg synest det handlar om å finne ein balanse mellom å vere god nok og å strekke seg litt.

    SvarSlett
  6. Så fint du har fortalt om turen din..jeg kunne tenkt meg å vært med selv ;-)
    Jeg er ikke så glad i Oslo..det kjennes ut som jeg blir sugd inn og forsvinner i StorByen,men du hadde laget en fin by!
    Ha flott helg !
    Klem herfra

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)