onsdag 4. mars 2015

tirsdag 3. mars 2015

Vårteikn i naturen

Ein trimtur kan bli avbroten
både tidt og ofte.
Det er mykje spennande og fint
å sjå langsmed vegen,
og det må knipsast.

Selje med
" gåsungar "

Kusymre

Hasselraklar

I dag er det solstreif og
5 plussgrader.
Våren vaknar, mars er herleg.

Anne-Mari



søndag 1. mars 2015

Tova tøfle med antiskli og mokkakake

Først vil eg takke for alle oppmuntrande råd og vink om
lappeteppeprosjektet mitt 


Eg vart så oppkvikka at eg hekla tre ruter den kvelden :)
Men så måtte eg rydde det vekk.
Det er helg må vite...
............

Tova tøfle er varme og gode,
men kan vere farleg glatte.

Eg fekk tips om å bruke bitar 
av antisklimatte
som ein får kjøpt fleire stadar
bl. a. på Biltema

Eg sydde dei på med dobbel snelletråd 
og vona det sit fast.
Slik plassert skal det
 fungere godt
var tipset.

Tøflene er strikka i Fritidsgarn.

...........

 I ettermiddag er det korkafè 
med mannskoret.
Eg har laga mokkakake 
etter oppskrift frå
Inger i mormoruniverset



God søndag, 
den første i mars
 ☼

Anne-Mari



fredag 27. februar 2015

" han såg ut på det bårute havet,


der var ruskut å leggja ut på,
men der leikade fisk ned i kavet,
og den leiken, den ville han sjå. "
Ivar Aasen








onsdag 25. februar 2015

Evighetsprosjekt


For meg som ikkje er av dei mest
uthaldande 
er dette lappeteppet 
eit uoverkomeleg prosjekt.

Det er lenge sidan eg starta, det går i 
rykk og napp, 
og blir ikkje mange rutene før eg blir lei.
Så kjem tankane om 
- kor mange
eg skal lage, og 
- korleis  
skal eg montere det...

Her har eg prøvt to måtar eg fann på nettet.

Eit anna spørsmål er 
- kva farge skal eg bruke mellom rutene og
rundt kanten ??

Teppet er frå Drops hefte nr. 131.
Eg bruka garnet Nepal.
Til stort teppe skal det vere 60 ruter,
eg har hekla 
36...
Eg var så dum at eg ikkje fylgde slavisk 
oppskrifta på kvar rute så mine 
er ikkje heilt lik den.
Og eg hekla nokre einsfarga
nokre dagar eg var 
ekstra lei...
Difor er det ikkje lett å sette saman til eit
fint teppe.
Og eg trur det må bli eit 
teppe i størrelse rundt skuldrane mine....haha.

I tilfelle blir det mykje garn til overs,
men eg finn vel ut noko å bruke det til.

Sjå andre sine handarbeid
her


Anne-Mari



tirsdag 24. februar 2015

Fascinerande syn

når fleire element er samla på
eit lite område 
- på hyttetaket -


- snø - is - gras - treverk
tjære - stål -


Anne-Mari




lørdag 21. februar 2015

Kjøkenmaskin nr. 2

I dag har eg pakka ut den nye
kjøkenmaskina.
Denne skal vere på hytta.


Eg bakar mykje på hytta, og gode råd
frå bakeekspertar er at det er viktig
 å elte gjærbakst lenge.
Erfaringa mi er at det gir 
vellukka resultat, men då må eg ha
hjelp av kjøkenmaskin.

Her er litt av baksten eg laga til 
vinterferien.


Då brukte eg den medbrakte maskina.
Men å skulle frakte den fram og tilbake blir
litt tungvint i lengda.
Og eg bakar ofte gjærbakst.

Heimemaskina er vel 1 år gamal.


Dette er Eletrolux Assistenten min som var
trufast frå 1972 til 2014 då den gjekk i stå.
Eg kjøpte Ankarsrum Assistent fordi den
er lik den gamle.
Eg kan bruke kverna, bollen og det andre
utstyret av den gamle på dei nye.
Eigentleg meinar eg at det kan forsvarast økonomisk
å kjøpe to når eg tenkjer over kor
mange år den gamle var i sving.
Og så er det greit å gjere ting lettvint
for seg sjølv....
Om dei nye kjøkenmaskinene varer i 40 år
overlever dei meg...


Anne-Mari