lørdag 31. mars 2018

God påske.

God påske 
er helsinga ein seier til dei ein møter
første påskedag.

I tillegg vil eg helse deg med eit bilde av
Klosterklokka
med sine vakre detaljer.

I morgon er det første april
og første påskedag.
Kvardagen og vårkjensla kjem nærare
og godt er det.


torsdag 29. mars 2018

Grovt

Grovt er ordet hos Sanna denne veke.


Eg held meg til det maritime og 
viser først eit bilde av
grov kjetting 
som kanskje har blitt brukt i eit
anker på ein båt.

Den grove skruen med mutter
såg eg på ferja til Ona sist sommar.


Gemsweeklyphotochallenge v. l3 - Grovt -






tirsdag 27. mars 2018

Hårstell


Svigermor Judith 90 år
ordnar håret før ho skal i 90 årsselskap
til svigerinna Bjørg.
Ho vaskar håret sjølv og bruka
å få hjelp av persnonalet på Hadartun,
der ho bur i leiligheit, med opprullinga.
Denne dagen kunne eg hjelpe henne med det.

Smart tips,
hårrullspyda har ho samla i ei
tom Paracetboks !
Rullinga skjer sjølvsagt etter eit
visst system.

Klart for naturleg hårtørk 
utover dagen.

Når eg ser på alt denne dama på 90 år
gjer i kvardagen, 
blant anna
ordna ho måltida sine sjølv, 
vaskar klede,
held styr på alle bursdagar til alle i familien,
held seg oppdatert over nyheitsbildet,
og ikkje minst,
ho les for dei gamle på dagsenteret 
kvar tysdag førmiddag !
Ja, då må eg berre "ta av meg hatten"
og beundre henne.

sjå gjerne innlegget eg skreiv om henne sist






søndag 25. mars 2018

Krokus


Palmesøndag og vårleg i lufta her i Tuå.
Sola varmar og ei runde
 i hagen viser 
krokus i blomst.

Lunt under klatrehortensiaen.

I plenen er det ikkje like lunt,
men krokusen tittar opp.

Påskeferien blir på hytta,
og der er det framleis store snømengder
og lenge til vår.

God påske !





boble


Bubbla
er ordet i utfordringa denne veke.
Det er mange måtar å tolke ordet på,
det vanlegaste er kanskje bobler laga av vatn.
Det kan også vere namnet på 
den første bilen mannen min og eg hadde
på 1970 talet.
Elles tenkje at ei boble 
kan i overført betydning brukast
om f. eks. eit menneske som går i eigne tankar
"går i si eiga boble".

Eg tok ei runde i nærområdet,
i naustet og ved sjøen.

Blåse som blir brukt som
kjennemerke oppå sjøen signaliserer at her er
garn eller teine
 i sjøen.

Garnkuler i glas 
tillaga som pynt er også ei type bobler.

Kuler laga i metall er 
innhole og bobler.


Sjå andre sine innlegg her:
Gemsweeklyphotochallenge v.12 -Bubbla -








torsdag 22. mars 2018

Bytur


Me hadde ein fin tur til 
Ålesund ein laurdag i mars.

Hurtigbåt frå Hareid til Ålesund ca ein halvtime.
Strålande ver og 
roleg sjø over Breisundet.

I Korsatunnellen var det ulike aktivitetar denne laurdagen,
Ella Victoria vann gullpengar, 
kanskje fordi ho hadde valgt å ha på seg så friske fargar ;)

Celina Marie fekk kjøpe seg 3 jakker !!,
knallgode tilbod i butikkane :)

 Nyt utsikta.

Hurtigbåten kjem inn Moljeagapet,
og skal ta oss med heimatt.
Celina Marie i ei av dei nye jakkene...

Det var ein triveleg dag i butikkane og 
sightseeing i gatene.
Maten åt me på Burger King.

Kjekt med bytur, 
me var einige om at dette skal
me gjere oftare.








mandag 19. mars 2018

Heimebane


Den nye Nrk-serien
" Heimebane "
er spelt inn på søre Sunnmøre,
hovudsakleg i Ulsteinvik
som er heimstaden min.
Sjølvsagt er me veldig stolte av å 
få vise fram dei vakre omgivelsane våre
til mange rundt om i Noregs land
og etter kvart andre land.



Ane Dahl Torp og John Carew
er dei mest kjende skodespelarane i serien.
I tillegg er mange lokale folk med som
statistar under innspelingane.


Innspelinga av sesong 2 er starta.
Denne veka gjekk det føre seg på nabogarden.
Nrk-bilar i massevis,
her parkert ved den gamle garasjen til far min.


Vona du ser serien på NRK søndagskveldane.
Ei spennande serie om ei føregangskvinne som trenar 
for eit herrelag i fotball i norsk toppserie.